Miguel Ángel López

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Miguel Ángel López


Statsborgarskap Spania
Fødd 3. juli 1988 (35 år)
Murcia
Idrett friidrett
Tok del i

Friidrett under Sommer-OL 2012 – 20 kilometer kappgang herrer, Friidrett under Sommer-OL 2016 – 20 kilometer kappgang menn, Friidrett under Sommar-OL 2020 – 20 km kappgang menn

Miguel Ángel López Nicolás (fødd 3. juli 1988) er ein spansk kappgjengar frå Murcia som vart europameister 2014 og verdsmeister 2015 på 20 kilometer.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

López vart femtemann på 20 km under Sommar-OL 2012 i London, der han sette personleg rekord med 1.19.49, 24 sekundar unna bronseplassen. Året etter fekk López bronsemedaljen på distansen ved VM i Moskva, 23 sekundar etter vinnaren Aleksandr Ivanov, ein kar som på si side i 2019 fekk annullert sigeren. I europameisterskapen 2014 vann López 20 km så å seie på målstreken, eitt sekund føre Ivanov og to sekundar framom Denis Strelkov frå Russland og Ruslan Dmitrenko frå Ukraina, sistnemnde hamna då utanfor sigerspallen. Under Friidretts-VM 2015 i Beijing gjekk López sitt livs snøggaste 20 km. Han fekk notert 1.19,14 i sluttid og vann han gullmedaljen med 15 sekundar til gode på arrangørlandets Wang Zhen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]