Mik Kaminski

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mik Kaminski
Electric Light Orchestra 1.jpg
Fødd2. september 1951 (67 år)
FødestadHarrogate i England
FødenamnMichael Kaminski
OpphavStorbritannia
Aktiv1965 til i dag
SjangerRock
Pop
Klassisk musikk
InstrumentFiolin, bratsj, klaverinstrument
Tilknytte artistarElectric Light Orchestra
Violinski
OrKestra
ELO Part II
The Orchestra
Blue Violin
Fay & Latta
PlateselskapJet Records
Verka somMusikar

Michael «Mik» Kaminski (fødd 2. september 1951) er ein engelsk musikar. Han er mest kjend som fiolinist i rockebandet Electric Light Orchestra (ELO) mellom 1973 og 1979.

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Kaminski vart fødd i Harrogate i North Yorkshire. Han spelte først som profesjonell musikar med Leeds Orchestra, då han var 14 år gammal. På Leeds School of Music grunnla han bandet Cow saman med venen John Hodgson (trommer) og John Marcangelo (klaverinstrument og perkusjon).

Karriere[endre | endre wikiteksten]

I 1973 vart han med i Joe Soap og spelte fiolin på albumet deira Keep It Clean. Produsenten deira Sandy Roberton føreslo Kaminski for Andy Roberts, som trende ein fiolinist for albumet sitt. Kaminski spelte då i 1973 på Roberts sitt Andy Roberts and The Grand Stampede.[1]

Etter dei albuma søkte Kaminski om den ledige stillinga som fiolinist i ELO, som han hadde sett i Melody Maker. Han vart rekruttert etter to intervju og var den eianste som ikkje spelte ein feil note då bandleiaren Jeff Lynne heldt prøvespelingar.[1]

I perioden i ELO prøvde Kaminski først å imitere førgjengaren Wilf Gibson, som gjekk med kappe då han spelte fiolin, men varemerket hans vart etter kort tid i staden ein blå fiolin, noko han har hatt sidan.

Kaminski var ein av dei tre attverande strykeinstrumentmusikarane for gruppa då Lynne valte å fjerne dei. Han spelte i bandet igjen då han spelte ein solo i 1983 på singelen «Rock 'n' Roll Is King». Seinare spelte han i ELO-avleggjaren ELO Part II, som ein del av turnébandet.[2]

Utanom hittane han hadde med ELO, tidleg i 1979 nådde Kaminski topp 40 på UK Singles Chart som frontmann i eit one-hit wonder-band kalla Violinski, med singelen «Clog Dance».[3]

Kaminski var fiolinist på eit par spor på det andre studioalbumet Beauty In Chaos, av den engelsk-irske akustiske duoen Fay & Latta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «INTERVIEW: ELO fiolinist Mik Kaminski talks about their Worthing gig", Littlehampton Today, 19 September 2008.
  2. Danny Cox interviews Mik Kaminski, BBC, 2. februar 2006.
  3. Fiolinski: Clog Dance - The Very Best of Fiolinski at Face The Music