The Electric Light Orchestra av Electric Light Orchestra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Electric Light Orchestra
Studioalbum av Electric Light Orchestra
Utgjeve Desember 1971
Innspelt Juli 1970 – juni 1971
Sjanger Kunstrock, symfonisk rock, cellorock, barokk rock, progressiv rock
Lengd 41:30
Selskap Harvest (UK)
United Artists (US)
Produsent Roy Wood, Jeff Lynne
Electric Light Orchestra-kronologi
The Electric Light Orchestra ELO 2
(1973)
Singlar frå The Electric Light Orchestra
  1. «10538 Overture»
    Utgjeve: 23. juni 1972
  2. «Mr. Radio»
    Utgjeve: 1972 (trekt attende)

The Electric Light Orchestra er debutalbumet til det engelske rockebandet Electric Light Orchestra (ELO), gjeve ut i desember 1971. I USA vart albumet gjeve ut tidleg i 1972 som No Answer. Dette namnet kom til då sekretæren til United Artists Records ringde til ELO for å spørje om kva namnet på albumet skulle vere.[1] Sekretæren fekk ikkje svar og skreiv på ein lapp «no answer» (ingen svar) og dette vart mistolka som namnet på albumet.

Innspelinga[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart spelt inn av ein kjerne på tre med Roy Wood, Jeff Lynne og Bev Bevan, som var dei attverande medlemmane i rockegruppa The Move. The Move gav samstundes ut singlar i Storbritannia, medan dette prosjektet var i gang, men interessa for det tidlegare bandet til Wood forsvann raskt. Samanlikna med seinare ELO-plater er stilen på dette albumet unikt. Det er nytta mange blåseinstrument og gitarane er ofte erstatta av tunge, «sagande» celloriff, som gjev albumet ei eksperimentell «Baroque-and-roll»-kjensle. «The Battle of Marston Moor» er det mest barokk-influerte sporet på albumet. På dette sporet spelar Roy Wood i røynda alle instrumenta, inkludert perkusjon, fordi den faste trommeslagaren i gruppa, Bev Bevan, syns stykket var så dårleg at han nekta å spele på det.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[2]
Robert ChristgauB−[3]

«Queen of the Hours», som vart ei B-side til «Roll Over Beethoven» frå det andre albumet til ELO, var den første ELO-songen som vart publisert, då han vart gjeven ut av Harvest Records i november 1971 på ei samling kalla The Harvest Bag med forskjellige andre artistar på Harvest.[4]

Det opphavlege plateomslaget vart designa av Hipgnosis og fotografia av bandet på baksida av omslaget, kledd i 1600-talskostyme, vart teken i Banqueting House i Whitehall, og var med på å legge vekt på den barokke stilen på plata. «Mr. Radio» var meint å vere den andre singelen frå albumet, men vart trekt attende. Den redigerte singelversjonen kom ut i 2005 på samlealbumet Harvest Showdown.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«10538 Overture»Jeff Lynne5:32
2.«Look at Me Now»Roy Wood3:17
3.«Nellie Takes Her Bow»Lynne5:59
4.«The Battle of Marston Moor (July 2nd 1644)»Wood6:03
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
5.«First Movement (Jumping Biz)»Wood3:00
6.«Mr. Radio»Lynne5:04
7.«Manhattan Rumble (49th Street Massacre)»Lynne4:22
8.«Queen of the Hours»Lynne3:22
9.«Whisper in the Night»Wood4:50
Bonusspor på 2006-utgåva
Nr.TittelLengd
10.«Battle of Marston Moor» (Alternate take)1:00
11.«Nellie Takes Her Bow» (Alternate Mix)6:02
12.«Mr. Radio» (Take 9)5:19
13.«10538 Overture»5:46
Bonusspor på 40-årsjubileumsutgåva
Nr.TittelLengd
10.«10538 Overture» (Acetate Version)5:23
11.«Mr. Radio» (Take 9 frå 18 November 1970)5:18
12.«Nellie Takes Her Bow» (Alternate Mix)6:02
13.«Whisper in the Night» (Take 1/Take 2 Edit)4:59
14.«Mr. Radio» (Single Edit)3:56
15.«10538 Overture» (For Top of the Pops)4:42

The Electric Light Orchestra (First Light Series)[endre | endre wikiteksten]

The Electric Light Orchestra
(First Light Series)

Studioalbum av Electric Light Orchestra
Utgjeve (First Light Series) 30th Anniversary Edition 2001
Innspelt Juli 1970 – juni 1972
Sjanger Progressiv rock, kunstrock, symfonisk rock, barokk rock
Selskap Harvest, EMI
Produsent Roy Wood, Jeff Lynne
Electric Light Orchestra-kronologi
Zoom
(2001)
The Electric Light Orchestra
(First Light Series)
ELO 2 (First Light Series)
(2003)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Artistdirect.com4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[5]

The Electric Light Orchestra (First Light Series) er ei dobbelplateutgåve gjeve ut i høve 30-årsjubileumet til plata.

Det kom ut i 2001 i Storbritannia. Disk ein inneheld den originale plata i tillegg til bonusspor og ein interaktiv CD-ROM. Disk to inneheld dei eldste konsertopptaka med ELO i lag med Roy Wood og cellisten Andy Craig.

Disk 1
Nr.TittelLengd
1.«10538 Overture»5:32
2.«Look at Me Now»3:17
3.«Nellie Takes Her Bow»5:59
4.«The Battle of Marston Moor (July 2nd 1644)»6:03
5.«First Movement (Jumping Biz)»3:00
6.«Mr. Radio»5:04
7.«Manhattan Rumble (49th Street Massacre)»4:22
8.«Queen of the Hours»3:22
9.«Whisper in the Night»4:50
10.«Battle of Marston Moor (Take 1)»1:00
11.«10538 Overture (Take 1)»5:46
12.«Multimedia del med interaktiv meny som førte til promofilmen 10538 Overture (mai 1972)» 
Disk to: First Light
Nr.TittelLengd
1.«Brian Matthew Introduces ELO»0:37
2.«10538 Overture» (Acetate version)5:24
3.«Look at Me Now» (Quad mix)3:19
4.«Nellie Takes Her Bow» (Quad mix)5:59
5.«Battle of Marston Moor (July 2nd, 1644)» (Quad mix)5:55
6.«Jeff's Boogie No 2 )» (Live)6:58
7.«Whisper in the Night» (Live)5:45
8.«Great Balls of Fire» (Live)5:40
9.«Queen of the Hours» (Quad mix)3:18
10.«Mr. Radio» (Take 9)5:18
11.«10538 Overture» (BBC Session / (Skjult spor) Whisper in the Night (Take 1))4:38

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande

Lister[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]