Zoom av Electric Light Orchestra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zoom
Studioalbum av Electric Light Orchestra
Utgjeve 12. juni 2001
Innspelt 2000
Sjanger Rock, cellorock
Lengd 43:36
47:01 (japansk)
Selskap Epic
Produsent Jeff Lynne
Electric Light Orchestra-kronologi 
The Ultimate Collection
(2001)
Zoom The Electric Light Orchestra (First Light Series)
(2001)
Singlar frå Zoom
  1. «Alright»
    Utgjeve: 23. mai 2001 (berre Europa utanom UK)
  2. «Moment in Paradise»
    Utgjeve: 3. september 2001 (berre Europa utanom UK)

Zoom er det 12. studioalbumet av det britiske rockebandet Electric Light Orchestra (ELO), gjeve ut 12. juni 2001 på Epic Records. Det var det første offisielle ELO-albumet sidan Balance of Power i 1986.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart hovudsakleg spelt inn som eit soloalbum av Jeff Lynne, slik Armchair Theatre var, men med somme gjestemusikarar, som dei tidlegare Beatles-musikarane George Harrison og Ringo Starr. Det var den siste innspelinga til Harrison før han døydde. Det einaste andre ELO-medlemmet som var med på albumet var Richard Tandy, som er med på ein song og spelte på somme konsertar etter albumet kom ut. Det var det første albumet med ELO-namnet der Bev Bevan ikkje var med.

Albumet har ei meir organisk kjensle med færre elektroniske effektar og igjen med strykeinstrument som ein del av akkompagnementet.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3.5/5 stars[1]
Q2/5 stars[2]
Rolling Stone3/5 stars[3]

Albumet var den første utgjevinga med ny musikk av bandet sidan Balance of Power i 1986. Sjølv om det vart marknadsført som ein tilbakekomst av den klassiske ELO-stilen, selde albumet dårleg og ein planlagt turné i Nord-Amerika vart kansellert. Då albumet kom ut nådde det 34. plassen på UK Album Chart,[4] og 94. plassen på Billboard 200 i USA. Albumet nådde òg 14. plassen på Billboard Top Internet Album, 51. plassen i Austerrike,[5] og 16. plassen i Tyskland.[6] «Alright» nådde 87. plassen på singellista i Nederland.[7]

Ein nymastra versjon vart gjeven ut på Frontiers den 19. april 2013 i Storbritannia og 23. april i USA. Det inneheldt to bonusspor.[8] «Long Black Road» vart i lag med «10538 Overture» nytta i filmen American Hustle i 2013.[9]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Jeff Lynne.

Nr.TittelLengd
1.«Alright »3:13
2.«Moment in Paradise »3:36
3.«State of Mind »3:04
4.«Just for Love »3:40
5.«Stranger on a Quiet Street »3:41
6.«In My Own Time »3:03
7.«Easy Money »2:50
8.«It Really Doesn't Matter »3:20
9.«Ordinary Dream »3:23
10.«A Long Time Gone »3:15
11.«Melting in the Sun »3:10
12.«All She Wanted »3:14
13.«Lonesome Lullaby »4:02
Japansk bonusspor
Nr.TittelLengd
14.«Long Black Road »3:22
Bonusspor på 2013-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
14.«One Day» (Ikkje tidlegare utgjeven) 3:04
15.«Turn to Stone»konsertopptak frå 20013:40
Japanske bonusspor på 2013-utgåva
Nr.TittelLengd
14.«One Day»3:04
15.«Do Ya» (konsertopptak frå 2001) 
16.«Lucky Motel» (Ikkje tidlegare utgjeven) 

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Jeff Lynne – vokal, korvokal, elektrisk gitarar, bass, klaverinstrument, cello, trommer.

Gjestemusikarar[endre | endre wikiteksten]

  • Richard Tandy – klaverinstrument («Alright») (originalt medlem)
  • George HarrisonSlidegitar («A Long Time Gone» og «All She Wanted»)
  • Ringo Starr – trommer («Moment in Paradise» og «Easy Money»)
  • Marc Mann – rytmegitar («Moment in Paradise»), strykearrangement («In My Own Time» and «Melting in the Sun»)
  • Suzie Katayama – cello («Just for Love», «Stranger on a Quiet Street» og «All She Wanted»)
  • Roger Lebow – cello («Lonesome Lullaby»)
  • Dave Boruff – saksofon («A Long Time Gone»)
  • Laura Lynne – korvokal («All She Wanted»)
  • Rosie Vela – korvokal («Alright», «All She Wanted»), Spoken Parts and Tap dancing («In My Own Time»)
  • Kris Wilkinson – strykearrangement («Ordinary Dream»)

Turnébesetning[endre | endre wikiteksten]

  • Jeff Lynne – vokal, gitarar
  • Richard Tandy – klaverinstrument, vocoder
  • Rosie Vela – korvokal
  • Marc Mann – gitarar, klaverinstrument, korvokal
  • Matt Bissonette – bassgitar, korvokal
  • Gregg Bissonette – trommer, korvokal
  • Peggy Baldwin – cello
  • Sarah O'Brien – cello

Lister[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]