Nordhordland prosti
Nordhordland prosti er eit tenestedistrikt i Bjørgvin bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner kommunane Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Radøy og Solund. Prosten har sete i Isdalstø (Alversund).
Gulen og Solund vart overført til prostiet då Ytre Sogn prosti vart lagt ned i 2013[1], medan Osterøy vart overført frå prostiet til Arna og Åsane prosti i 2014.[2]
Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn. Fram til 2004 var prestetenesta lokalt organisert i prestegjeld.
Sokn[endre | endre wikiteksten]
Det er 20 sokn i prostiet (2014).
- Alversund sokn
- Austrheim sokn
- Brekke sokn
- Fedje sokn
- Frøyset sokn
- Gulen sokn
- Hundvin sokn
- Lindås sokn
- Lygra sokn
- Meland sokn
- Mjømna sokn
- Mo sokn i Nordhordland
- Myking sokn
- Ostereidet sokn
- Radøy sokn
- Sandnes sokn i Nordhordland
- Seim sokn
- Solheim sokn i Nordhordland
- Solund sokn
- Vike sokn i Nordhordland
Prestegjeld[endre | endre wikiteksten]
Prestetenesta var tidlegare organisert lokalt i prestegjeld. Ordninga vart fasa ut frå 2004. Før utfasinga hadde Nordhordland prosti desse prestegjelda:
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Ytre Sogn prosti blir lagt ned - Solund fryktar for soknepresten sin» - NRK 15.februar 2013.
- ↑ «Endringar i prostigrenser»