Monica Grefstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Monica Grefstad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. oktober 1964 (57 år)
Idrett friidrett

Monica Grefstad (fødd 12. oktober 1964) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Trondheim som vart noregsmeister på 400 meter hekk i 1987 og 1988 og 100 meter hekk i 1993, 1994 og 1997.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Grefstad sikra seg i perioden 1985 til 1997 5 gullmedaljar, 8 sølvmedaljar og 5 bronsemedaljar i norske hovudmeisterskap i friidrett. Flest medaljar fekk ho i 100 meter hekk med 9 stk, 5 kom på langhekken, 3 på 100 meter og 2 på 200 meter. Under NM i friidrett 1993 vart ho tildelt kongepokalen etter å ha forbetra sin eigen norske rekord på 100 meter hekk til 13,26 sekund.

Sesongen 1993 sletta Grefstad den tolv år gamle noregsrekorden til Hilde Fredriksen på korthekken. Gjennom fire løp i Oslo, Birmingham og NM i Tønsberg flytta ho den til 13,38, 13,35, 13,33 og til sist 13,26 sekund. Året etter i juli forbetra ho den til 13,24 i Gävle og 13,14 i Edinburgh. I sitt livs beste løp, på Bislett stadion i Oslo den 22. juli 1994, sette ho norsk rekord med 13,09 sekund. Noregsrekorden gjaldt i 13 månader.

Plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Personbeste[endre | endre wikiteksten]

  • 100 meter : 11,76 (1994)
  • 200 meter: 24,10 (1994)
  • 400 meter: 56,09 (1987)
  • 100 m hekk: 13,09 (1994)
  • 400 m hekk: 59,04 (1991)

Grefstad var medlem i Ranheim IL til 1988, sidan 1989-90 i Fossum IF, 1991-92 Sportsklubben Vidar og frå 1993 i TIF Minerva.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]