Montserrat Caballé

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Montserrat Caballé
Montserrat Caballé i Folch (1982).jpg
Fødd12. april 1933
FødestadBarcelona
Død6. oktober 2018
DødsstadBarcelona
FødenamnMaría de Montserrat Bibiana Concepción Caballé Folch
AliasMontserrat Caballé
OpphavSpania
Aktiv1956–2018
Sjangeropera
Instrumentvokal
Stemmetypesopran
PlateselskapPolydor Records
Verka somoperasongar, plateartist
Gift medBernabé Martí
BornMontserrat Martí
Prisarkommandør av Ordre des Arts et des Lettres, stort fortjenstkors av Forbundsrepublikken Tysklands fortjenstorden, ridder av Isabella den katolskes orden, Fyrsten av Asturias' pris for kunst, Medalla de Oro al mérito en las Bellas Artes, Knight Grand Cross of the Order of Merit of the Italian Republic, storkorset av Alfons X den klokes orden, Gramophone Award for Lifetime Achievement, Medalla d'Or de la Generalitat de Catalunya, Æresordenen, Vennskapsordenen, 1. klasse av Fyrstinne Olgas orden, Q42128907
Montserrat Caballé

Maria de Montserrat Viviana Concepción Caballé i Folch (12. april 19336. oktober 2018), betre kjent som Montserrat Caballé, var ein katalansk spansk sopran. Ho vart fødd i Barcelona, og er mellom anna kjent for tolkingane sine av Rossini, Bellini og Donizetti. For det store publikummet er ho mest forbunde med songen «Barcelona», som ho framførte saman med Freddie Mercury under sommar-OL 1992.

Caballé utdanna seg ved Liceukonservatoriet i Barcelona og i Milano. Ho debuterte i 1956 som Mimì i La Bohème av Puccini på Baseloperaen i Sveits. Deretter song ho i Bremen i Tyskland, og fekk merksemd i 1965 som grevinna i Figaros bryllup av Mozart i Glyndebourne i England og som feltmarskalkinna i Rosenkavaleren av Richard Strauss. Same året debuterte ho på Metropolitan Opera i New York i USA, og framførte der sjeldan oppførte operaer av Bellini og Donizetti.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Montserrat Caballé