Morea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over Peloponnes i mellomalderen

Morea (gresk Μωρέας eller Μωριάς, fransk Morée, italiensk Morea, tyrkisk Mora) var namnet på halvøya Peloponnes i det sørlege Hellas i mellomalderen og tidleg moderne tid. Namnet blei brukt om ein bysantinsk provins i regionen, kjend som Despotatet Morea, den osmanske provinsen Morea eyalet og det kortlivde Morea-riket under Republikken Venezia.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Opphavet til namnet Morea er ukjend. Forslag om at det skulle koma frå slavisk more, hav, eller vera i latinsk avleiing av gresk romaia, 'romarland', er i stor grad forkasta. Den mest utbreidde teorien er at det skal koma frå det greske namnet til morbærtreet, morea. Forma på halvøya kan minna om eit morbærblad.[1]

Frå 900-talet kjenner ein til bispedømet Moreon ved Elis, som kan ha gjeve opphav til bruken av namnet Morea om vestdelen av halvøya.[2]

Frankarar tok kontroll over området etter at dei hadde erobra Konstantinopel under det fjerde krosstoget i 1204. Dei skipa fyrstedømet Akhaia eller Morea som ein vasallstat til Det latinske riket sitt. Den over 9000 linjer lange Moreakrøniken, på gresk, fransk, italiensk og aragonesisk, fortel om etableringa av denne føydalstaten. Den viktigaste herskaren for fyrstedømet var Vilhelm II av Villehardouin, som befesta byen Mistra (noverande Mystrás) i 1249. Vilhelm tapte seinare den austlege halvparten av halvøya til bysantinarane under keisar Mikael VIII Palaiologos.

På midten av 1300-talet skipa keisar Johan VI Kantakouzenos Despotatet Morea. Keisarsøner med ragnen despotes blei gjerne sende til provinsen for å styra han som apanasje. I 1430 hadde bysantinarane teke tilbake heile halvøya frå frankarane, men i 1460 blei nesten heile Morea overteken av Det osmanske riket. I juli 1461 fall den siste borga, Salmeniko, til osmanarane.[3][4][5][6][7][8] Mistra blei erstatta som hovudby av Tripolitsa (no Trípoli).

Greske opprørarar tek Tripolitsa.

Under Moreakrigen 1684–99 vann Republikken Venezia herredømet over halvøya, men det venezianske styret var upopulært og osmanarane vann henne raskt tilbake under eit felttog i 1714. Mot slutten av 1700-talet auka misnøyen att. Orlov-oppreisten braut ut i 1770 og blei slått ned, men små grupper fredlause (kléftis) dreiv geriljakrig som svekka osmansk makt og bidrog til å styrka gresk nasjonalkjensle. I 1821 blei Morea eit kjerneområde for den greske oppreisten som etterkvart utvikla seg til den greske sjølvstendekrigen. Medan osmanarane raskt slo ned opprør i Donau-fyrstedøma og på Kreta, blei Morea verande på opprørarane sine hender.[9] I september 1821 fall den osmanske hovudbyen Tripolitsa etter ei lengre omleiring.

Det osmanske riket fekk no hjelp frå den osmanske vasallstaten Egypt, og Ibrahim Pasha av Egypt byrja ei omfattande krigføring og herjing i 1825. Etterkvart blei Frankrike, Russland og Storbritannia samde om å gripa inn. Dei vann sjøslaget ved Navarino utanfor Navarino (dagens Pýlos) i oktober 1827. Frå 1828 til 1833 tok franske styrkar kontroll over halvøya gjennom Moreaekspedisjonen. Etter at Hellas fekk sjølvstende blei gamle greske namn som Peloponnes gjeninnførte, og «Morea» gjekk ut av bruk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gregory, Timothy E. (1991). «Morea». The Oxford Dictionary of Byzantium. Oxford University Press. 
  2. Ken Parry; David J. Melling; Dimitri Brady; Sidney H. Griffith; John F. Healey, red. (2001). «Morea». The Blackwell Dictionary of Eastern Christianity. ISBN 9780631232032. 
  3. «Monemvasia». Monemvasia. 28. april 1941. Henta 3. desember 2013. 
  4. «Monemvasia Lakonia Peloponnese Greece. The travel and holidays guide to Monemvassia in Laconia. Sparti, Gytheio, Mystras, Mani, Elafonissos, Gytheio. Travel greece». Thegreektravel.com. 26. august 2013. Henta 3. desember 2013. 
  5. «Welcome to our homepage». Katsoulakos.com. Henta 3. desember 2013. 
  6. OTTOMAN in the MOREA in the OUTER MANI 1st., arkivert frå originalen 10. januar 2012 
  7. «Genealogy - Geni - private profile - Genealogy». Geni. Henta 3. desember 2013. 
  8. «The journal of Hellenic studies». 
  9. Mann, Chris (2001). «Greek independence war». The Oxford Companion to Military History. Oxford University Press. 

Koordinatar: 37°36′ N 22°12′ E