Morten Solem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Morten Solem
Morten Solem.jpg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. august 1980
Trondheim
Idrett skihopping
Yrke skihoppar

Morten Solem (fødd 5. august 1980 i Trondheim) er ein tidlegare norsk skihoppar. Han vart noregsmeister i normal bakke i 2001, elles vann han to sølvmedaljar og ein bronsemedalje i sesongane frå 2000 til 2002. Han var medlem av Trondhjems Skiklubb.

Solem slo gjennom i 2000, då han fekk bronse under NM i normal bakke. Sesongen etter debuterte han i verdscupen under opningsrennet i Kuopio i november månad. I verdscupen hamna han den sesongen eit stykke nede på resultatlistene, til liks med dei andre hopparane på det norske landslaget. Men han vann både gull og sølv i dei to NM-renna. Solems beste plassering i verdscupen kom i januar 2004, då han vart nummer sju i Liberec.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 2001: Nr 12 i Trondheim
  • 2002: Nr 21 i Sapporo
  • 2004: Nr 7 i Liberec
  • 2005: Nr 8 i to renn i Sapporo
  • 2006: Nr 12 i Sapporo
  • 2007: Nr 8 i Zakopane

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 2000: Bronsemedalje i normalbakken på Vang
  • 2001: Gullmedalje i normalbakken i Sprova, sølvmedalje i storbakken i Trondheim
  • 2002: Sølvmedalje i normalbakken i Høydalsmo
  • 2003: Nr 4 i normalbakken på Lillehammer
  • 2004: Nr 4 i storbakken i Oslo
  • 2006: Nr 4 i storbakken i Oslo
  • 2007: Nr 5 i normalbakken i Molde

Han la opp som aktiv skihoppar i 2007. Deretter var han assistenttrenar for det norske kombinertlandslaget fram til våren 2010.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]