Mott the Hoople av Mott the Hoople

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mott the Hoople
Studioalbum av Mott the Hoople
Utgjeve 22. november 1969(Storbritannia), 1970 (USA)
Innspelt Mai til juli 1969
Studio Morgan i London
Sjanger Hardrock
Lengd 38:26
Selskap Island (Storbritannia), Atlantic (USA)
Produsent Guy Stevens
Mott the Hoople-kronologi
Mott the Hoople Mad Shadows
(1970)


Singlar frå Mott the Hoople
  1. «Rock and Roll Queen»
    Utgjeve: Oktober 1969 (berre Europa), Juli 1970 (USA)
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]
Christgau's Record GuideC+[2]
Entertainment WeeklyA[3]

Mott the Hoople er det sjølvoppkalla debutalbumet til bandet med same namn. Det vart produsert av Guy Stevens og kom ut i 1969 på Island Records i Storbritannia (ILPS 9108), og i 1970 på Atlantic Records i USA (SD 8258). Det kom ut på ny på Angel Air i 2003 (SJPCD157).

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Stevens var den opphavlege mentoren til gruppa og ønskte å skape eit album som skulle lete som om Bob Dylan song med The Rolling Stones. Dette oppnådde dei til dels og albumet inneheld fleire Dylan-aktige coverversjonar av aggressive rockesongar. Fleire år seinare sa vokalisten Ian Hunter - som berre nyleg hadde kome inn i bandet før innspelinga av Mott the Hoople - i eit intervju med Trouser Press i august 1980 at Stones-songen «Bitch» frå 1971 minna kraftig om songen «Rock and Roll Queen» på dette albumet.[4] (Begge songane er i A-dur og nyttar ein pentatonisk skala.)

Ein instrumental versjon av The Kinks-songen «You Really Got Me» opnar albumet. Det vart og spelt inn ein versjon med vokal som sidan kom ut på samlealbumet Two Miles From Heaven. Doug Sahm sin «At the Crossroads» (opphavleg spelt inn av bandet til Sahm, Sir Douglas Quintet i 1968) og Sonny Bono sin «Laugh at Me» (opphavleg gjeven ut som ein song av Sonny & Cher på det andre albumet deira i 1966, men utan vokal frå Cher) minnar begge om Bob Dylan, og det same gjer Hunter sin «Backsliding Fearlessly.»

Dei første trykka av det britiske albumet vart trykt feil med songen «The Road to Birmingham,» (B-sida til debutsingelen deira i Storbritannia) på slutten av side ein og med «Backsliding Fearlessly» i staden for «Rock and Roll Queen» på byrjinga av side to.

Plateomslaget var ein fargelagt reproduksjon av M.C. Escher sitt litografi kalla «Reptiles.» Tilfeldigvis, sidan Guy Stevens ønskte at Mott skulle høyrast ut som The Rolling Stones, hadde Mick Jagger tidleg i 1969 teke kontakt med Escher for å få han ti å måle plateomslaget til det komande Stones-albumet Let It Bleed. Escher avslo tilbodet.[5]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Stephen Thomas Erlewine i AllMusic, gav albumet fire av fem stjerner og sa:

« Fram til dette punktet er Mott the Hoople særs nyskapande og vilt fantasifulle og oppkvikkande, og det er nok til å gjera dette til ein fin debut, sjølv om det fell av sporet på den andre sida. Den første sida og dei to originalane syner eit band der rå kraft balanserer ein slu humor, smarte vendingar og heftig intelligens – alle kvalitetar dei bygde ein karriere på, og denne blåkopien tåler framleis tidas tann.[1] »

Robert Christgau gav albumet «C+» og skreiv: «Trass i hypen, slår desse karane meg som eit ordinært hardrockband.»[6]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«You Really Got Me»Ray Davies2:55
2.«At the Crossroads»Doug Sahm5:33
3.«Laugh At Me»Sonny Bono6:32
4.«Backsliding Fearlessly»Ian Hunter3:47
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
5.«Rock and Roll Queen»Mick Ralphs5:10
6.«Rabbit Foot and Toby Time»Ralphs2:04
7.«Half Moon Bay»Ralphs, Hunter10:38
8.«Wrath and Wroll»Guy Stevens1:49
Bonusspor på 2003-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
9.«Ohio»Neil Young4:26
10.«Find Your Way»Ralphs3:30

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Mott the Hoople[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande[endre | endre wikiteksten]

Teknisk[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

År Liste Plassering Weeks on chart
1970 Billboard 200 185[7] 2
1970 Official Charts (Storbritannia) 66[8] 1

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Stephen Thomas Erlewine. «Mott the Hoople». Allmusic. Henta 11. mars 2012. 
  2. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: M». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 8. mars 2019 – via robertchristgau.com. 
  3. Ira Robbins (12. april 1991). «Mott the Hoople (1991)». EW.com. Henta 11. mars 2012. 
  4. «Ian Hunter Remembers,» interview with Jon Young, Trouser Press, August 1980.
  5. Wyman, Bill and Ray Coleman (1990). Stone Alone: The Story of a Rock 'n' Roll Band, Penguin/Signet, ISBN 0-451-17055-5, pp. 617-618.
  6. Robert Christgau. «Mott the Hoople». robertchristgau.com. Henta 11. mars 2012. 
  7. «Billboard 200 - Mott the Hoople». Henta 15. mars 2022. 
  8. «Official Charts - Mott the Hoople». Henta 15. mars 2022.