All the Young Dudes av Mott the Hoople

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
All the Young Dudes
Studioalbum av Mott the Hoople
Utgjeve 8. september 1972
Innspelt Mai-juli 1972
Studio Olympic og Trident, London
Sjanger Glamrock, hardrock
Lengd 40:47
Selskap CBS (Storbritannia), Columbia (USA)
Produsent David Bowie
Mott the Hoople-kronologi
Brain Capers
(1971)
All the Young Dudes Rock and Roll Queen
(1972)


Singlar frå All the Young Dudes
  1. «All the Young Dudes»
    Utgjeve: Juli 1972
  2. «One of the Boys»
    Utgjeve: 1972
  3. «Sweet Jane»
    Utgjeve: 19. januar 1973
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[1]
Christgau's Record GuideA–[2]
Pitchfork7.8/10[3]
Rolling Stonepositiv[4]

All the Young Dudes er det femte studioalbumet til det engelske rockebandet Mott the Hoople, gjeve ut i 1972. Det var det første albumet deira for CBS Records (Columbia Records i USA og Canada), etter tre år på Island Records i Storbritannia og Atlantic Records i Amerika.

Bakgrunn og mottaking[endre | endre wikiteksten]

All the Young Dudes vart vendepunktet for det britiske bandet, som til då hadde strevd med å slå gjennom. Mott the Hoople var på randen var å gje seg då David Bowie kom inn og gav dei songen «All the Young Dudes». Bowie produserte òg albumet, som tok Mott «frå potensielt utdatert til å bli avatarar for glamrockrørsla».[5] Ei ommastra og utvida utgåve av albumet kom ut på Sony BMG i Storbritannia og USA den 21. februar 2006.

Tittelsporet, «All the Young Dudes», kom ut på singel før albumet og gjekk inn på salslistene verda over, og vart «den ultimate glitterbarn-anthem i 1970-åra».[6] «Sweet Jane», ein versjon av Velvet Underground-songen frå albumet deira Loaded, kom ut på singel i Canada, Nederland, Portugal, Spania og USA, men ikkje i heimlandet i Storbritannia. «One of the Boys», opphavleg B-side til «All the Young Dudes», kom òg ut på Nord-Amerika og det kontinentale Europa.

I 2003 vart albumet rangert på 491. plassen på lista til magasinet Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene. I 2012 var albumet fltta til 484. plassen på lista med omtalen «Mott høyrest stundom meir soul-aktig ut, men aldri meir sexy eller glitteraktig.»[7]

«Ready for Love» vart omarbeidd av det seinare bandet til Mick Ralphs, Bad Company, på det sjølvoppkalla debutalbumet deira. «Soft Ground» vart skriven av organisten Verden Allen og, utanom albumet deira frå 2013, var dette einaste gongen han song solovokal for Mott the Hoople.

Kontrovers kring innspelinga[endre | endre wikiteksten]

Det har vorte spekulert i mange år at sjølv om All the Young Dudes vart gjeve ut på CBS/Columbia Records, så kan Mott the Hoople ha spelt inn delar av eller heile albumet medan dei framleis hadde kontrakt med det førre selskapet sitt, Island Records – og om det skulle vise seg å vere sant hadde Island hatt rettane til innspelingane. Spekulasjonane vart forsterka i 2006 då den ommastra utgåva av All the Young Dudes kom ut med fleire bonusspor. Produksjonen på eit av bonusspora, «Black Scorpio» (ei tidleg utgåve av «Momma's Little Jewel»), er tilskriven den faste produsenten til Island, Muff Winwood, noko som indikerer at songen i det minste byrja medan Mott framleis var hos Island.[8]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Sweet Jane»Lou Reed4:21
2.«Momma's Little Jewel»Ian Hunter, Peter Watts4:26
3.«All the Young Dudes»David Bowie3:32
4.«Sucker»Hunter, Mick Ralphs, Watts5:03
5.«Jerkin' Crocus»Hunter4:00
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«One of the Boys»Hunter, Ralphs6:46
7.«Soft Ground»Verden Allen3:17
8.«Ready for Love/After Lights»Ralphs6:47
9.«Sea Diver»Hunter2:53
Bonusspor på 2006-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
10.«One of the Boys» (demo)Hunter, Ralphs4:18
11.«Black Scorpio» (demoversjon av «Momma's Little Jewel»)Hunter, Watts3:35
12.«Ride on the Sun» (demoversjon av «Sea Diver»)Hunter3:36
13.«One of the Boys» (britisk singelversjon)Hunter, Ralphs4:21
14.«All the Young Dudes» (vokal av David Bowie og Ian Hunter)Bowie4:25
15.«Sucker» (Live 1973 i Hammersmith Odeon)Hunter, Ralph, Watts6:27
16.«Sweet Jane» (Live 1973 i Hammersmith Odeon)Reed5:00

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Mott the Hoople[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande[endre | endre wikiteksten]

Teknisk[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album

År Liste Plassering
1972/73 UK Albums Chart[9] 21[10]
AUS Kent Music Report 61[11]
US Billboard 200 89[12]

Single

År Singel Liste Plassering
1972 «All the Young Dudes» UK Singles Chart[9] 3[10]
US Billboard Hot 100 37[13]
«One of the Boys» US Billboard Hot 100 96[13]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Stephen Thomas Erlewine. «All the Young Dudes». AllMusic. Henta 15. mars 2022. 
  2. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: M». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 8. mars 2019 – via robertchristgau.com. 
  3. Joe Tangari (27. april 2006). «Mott the Hoople: All the Young Dudes / Mott». Pitchfork. Henta 15. mars 2022. 
  4. Bud Scoppa (7. desember 1972), «ingen», Rolling Stone 
  5. «Mott The Hoople – All The Young Dudes». Superseventies.com. Henta 15. mars 2022. 
  6. Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: p.117
  7. Wenner, Jann S., ed. (2012). Rolling Stone – Special Collectors Issue – The 500 Greatest Albums of All Time. USA: Wenner Media Specials. ISBN 978-7-09-893419-6
  8. Platenotata på den ommastra utgåve av All the Young Dudes, Sony/BMG/Legacy Records, catalog no. K2796-93809-2, utgjeve 2006.
  9. 9,0 9,1 Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19. utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 381. ISBN 1-904994-10-5. 
  10. 10,0 10,1 «Official Charts – Mott the Hoople». Henta 13. januar 2018. 
  11. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 210. ISBN 0-646-11917-6. 
  12. «Billboard 200 – Mott the Hoople». Henta 13. januar 2018. 
  13. 13,0 13,1 «Billboard Hot 100 – Mott the Hoople». Henta 13. januar 2018.