Ray Davies

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ray Davies

Ray Davies in Brussels, 1985
Fødd21. juni 1944 (79 år)
FødestadFortis Green
FødenamnRaymond Douglas Davies
OpphavFortis Green i London i England
Aktiv1963–til i dag
SjangerRock, hardrock, pop
InstrumentVokal, gitar, munnspel
Tilknytte artistarThe Kinks
PlateselskapEntertainment One Music
Verka somLåtskrivar, musikar
Sambuar medChrissie Hynde
Prisarkommandør i den britiske imperieorden, Knight Bachelor, MOJO Awards

Ray Davies eller Raymond Douglas Davies (fødd 21. juni 1944 i London) er ein engelsk rockemusikar som er mest kjend som vokalist og låtskrivar i The Kinks - eit av dei fremste og langvarige engelske rockebanda - som han skipa i lag med den yngre broren, Dave. Han har òg vore skodespelar og regissert og produsert show for teater og fjernsyn.

Etter The Kinks la opp på midten av 1990-talet, starta Ray Davies solokarrieren sin som singer-songwriter.

Davis var kunststudent på Hornsey College of Art i London i 1962–1963, då the Kinks utvikla seg til eit profesjonelt band tidleg i 1964. Det var stort sett Davies som skreiv dei fleste songane til bandet og var i røynda frontmann og leiaren, særleg etter at bandet slo igjennom med songen «You Really Got Me», som han skreiv. Davies førte the Kinks gjennom ein musikalsk eksperimentell perioden mellom 1966 og 1976 med både kunstnarisk og kommersiell suksess. Mellom 1977 til bandet gav seg i 1996, gjekk Davies og bandet tilbake til dei tidlegare rockerøtene sine, og opplevde ein ny populær periode.

I 1990 vart Davies, i lag med the Kinks, innlemma i Rock and Roll Hall of Fame og i 2005 i UK Music Hall of Fame.

Davies har hatt eit stormande «elsk-hat» forhold til den yngre broren og gitaristen i the Kinks, Dave Davies. Songane hans og det musikalske talentet hans har vorte hylla av musikkindustrien, men gjennom heile karrieren har han hatt rykte på seg for å vere særs sjølvstendig og revolusjonær, og har stadig vore i konflikt med både bandkollegaer og musikkindustrien.

Davies in the Netherlands, 2006

4. januar 2004 vart Davies skoten i foten då han jaga nokre ranarar, som hadde tatt veska til partnaren hans då dei vandra i French Quarter i New Orleans i USA.[1] Hendinga skjedde berre ei veke etter at han vart Commander i Den britiske imperieordenen.

Arbeid[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå The Kinks.

Davies har vore innom mange stilartar gjennom karriere, frå protopunk og rock and roll i den tidlege Kinks-hittane i 1964–1966 (som «You Really Got Me» og «All Day and All of the Night»"); til meir kjenslevare og sjølvgranskande songar eit par år etter («Too Much on My Mind», «Waterloo Sunset») og enno seinare songar om individualistiske livsstilar og personlegdomar («Lola», «Apeman», «Celluloid Heroes»); meir eller mindre alvorlege hyllester til engelsk kultur og levesett («Autumn Almanac», «Victoria»); reine varieté-songar («Dandy», «End of the Season», «All of My Friends Were There», «Wonder Boy» og Preservation-albuma); og kommersiell rock som blanda element av alt dette («Come Dancing», «Do It Again»).

Låtskrivinga til Davie har ofte vorte kalla meir moden, sofistikert og subtil enn mange av hans likemenn i amerikansk og britisk rock. Tekstane hans hadde ofte element av satire og kommentarar om strevet og frustrasjonane i den britiske middelklassen, som i songar som «A Well Respected Man» og «Shangri-La» og «Dedicated Follower of Fashion».

I tillegg til dei mange Kinks-albuma har Davies gjeve fire soloalbum, Return to Waterloo (1985), som følgde ein fjernsynsfilm han skreiv og regisserte, The Storyteller frå 1998, Other People's Lives i 2006 og Working Man's Café i oktober 2007. Etter at The Kinks gav seg i 1996 har Davies turnert som soloartist.

Populære singlar skrivne av Davies[endre | endre wikiteksten]

Under er ei liste over songar skrivne av Ray Davies som andre artistar fekk hittar med. For hittar av The Kinks, sjå diskografien til The Kinks.

År Tittel Artist Listeplassering
UK Singles Chart[2] Canada U.S. Hot 100
1965 «This Strange Effect» Dave Berry #37
«Something Better Beginning» The Honeycombs #39
1966 «A House in the Country» The Pretty Things #50
«Dandy» Herman's Hermits #1 #5
1978 «You Really Got Me» Van Halen #49 #36
«David Watts» The Jam #25
1979 «Stop Your Sobbing» The Pretenders #34 #65
1981 "I Go To Sleep" The Pretenders #7
1988 «All Day and All of the Night»" The Stranglers #7
«Victoria»" The Fall #35
1989 «Days» Kirsty MacColl #12
1997 «Waterloo Sunset» Cathy Dennis #11

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kinks star shot in New Orleans». CNN.com, 5. januar 2004. Henta 9. april 2009. 
  2. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. Various. ISBN 1-904994-10-5. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]