Musandamhalvøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Musandamhalvøya
جَزِيْرَة مُسَنْدَم
رَأْس مُسَنْدَم
halvøy
Musandam Peninsula, Oman.jpg
Land Flag of Oman.svg Oman, Flag of the United Arab Emirates.svg Dei sameinte arabiske emirata

Musandamhalvøya
26°11′53″ N 56°14′57″ E
Wikimedia Commons: Musandam

Musandamhalvøya (arabisk جَزِيْرَة مُسَنْدَم \ رَأْس مُسَنْدَم‎, romanisert Jazīrat Musandam / Raʾs Musandam), lokalt kjend som Ruus Al Jibal (arabisk رُؤُوْس ٱلْجِبَال‎, romanisert Ruʾūs al-Jibāl Heads of the Mountains),[1] er ei halvøy som dannar det nordaustlegaste punktet på den arabiske halvøya. Det ligg sør for Hormuz-sundet mellom Persiabukta og Omanbukta.[2] Det er folkesett av shihuh-stammen og er hovudsakleg styrt av Oman som Musandam guvernement. Nokre delar er styrte av Dei sameinte arabiske emirata, mellom anna Ras Al Khaimah og delar av Dibba.[3][4] Fiske er ein viktig næringsveg.[5]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Landformer på halvøya er mellom anna dei vetlege Al Hajar-fjella. Desse er også den nordlegaste delen av Hajar-kjeda, og blir saman med halvøya omtalte som Ruʾūs al-Jibāl (arabisk رُؤُوْس ٱلْجِبَال‎, romanisert Hovuda til fjella).[3][4] Den største wadien på Mussandam er Wadi Bih, som dannar det sentrale nedslagsfeltet her.[6][7]

Det høgaste punktet på halvøya er Jabal al-Harim på 2087 moh.[5]

Om vinteren kan området vera relativt kjølig, særleg i fjella Jais, Yanas (arabisk يَنَس‎) og Mebrah.[8][9]

Flora og fauna[endre | endre wikiteksten]

Dyrelivet omfattar mellom anna Ruus al Jibal-viftefingergekko (Ptyodactylus ruusaljibalicus),[10] arabisk tahr og karakal. Det er ikkje kjent om arabisk leopard framleis finst her.[3][4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Thomas, B. (March 1927). Travels in Oman. Visit of B. Thomas to the Musandam Peninsula. 1928. Notes on Shihuh dialects & people, also Kumzaris' [10r]. British Library: India Office Records and Private Papers. s. 9. 
  2. Diba, B. A. (2011). Is Iran legally permitted to close Strait of Hormuz to countries that impose sanctions against Iran's oil?. Cupertino, California: Payvand Iranian-American Website. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Edmonds, J.-A.; Budd, K. J.; Al Midfa, A.; Gross, C. (2006). «Status of the Arabian Leopard in United Arab Emirates» (PDF). Cat News (Special Issue 1): 33–39. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Spalton, J. A.; Al-Hikmani, H. M. (2006). «The Leopard in the Arabian Peninsula – Distribution and Subspecies Status» (PDF). Cat News (Special Issue 1): 3–47. 
  5. 5,0 5,1 «Musandam». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 26. april 2021. 
  6. Lancaster, Fidelity; Lancaster, William (2011). Honour is in Contentment: Life Before Oil in Ras Al-Khaimah (UAE) and Some Neighbouring Regions. Berlin, New York: Walter de Gruyter. s. 3–598. ISBN 978-3-1102-2339-2. 
  7. Allen, Calvin H., Jr. (5. februar 2016). «1: Land and People». Oman: the Modernization of the Sultanate. Abingdon, New York: Routledge. s. 1–8. ISBN 978-1-3172-9164-0. 
  8. Al Serkal, Mariam M. (10. mars 2019). «UAE to see cold days ahead, temperatures drop to 2.6°C». Gulf News. Henta 17. mars 2019. 
  9. Al Serkal, Mariam M. (28. februar 2019). «UAE to get 5 days of rain and "significant drop in temperature"». Gulf News. Henta 17. mars 2019. 
  10. Simó-Riudalbas, M.; Metallinou, M.; De Pous, P.; Els, J.; Jayasinghe, S.; Péntek-Zakar, E.; Wilms, Thomas; Al-Saadi, Saleh; Carranza, Salvador (2. august 2017), «Cryptic diversity in Ptyodactylus (Reptilia: Gekkonidae) from the northern Hajar Mountains of Oman and the United Arab Emirates uncovered by an integrative taxonomic approach», PLOS ONE 12 (8): e0180397, Bibcode:2017PLoSO..1280397S, PMC 5540286, PMID 28767644, doi:10.1371/journal.pone.0180397, e0180397 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Musandamhalvøya