Musique Non-Stop

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Musique Non-Stop
Singel av Kraftwerk
frå albumet Electric Café
Utgjeve Oktober 1986
Sjanger Elektronica
Lengd 4:08 (singel)
6:15 (12"-versjon)
Selskap Kling Klang
EMI
Warner Bros.
Kraftwerk-kronologi
«Tour de France (remix)»
(1984)
Musique Non-Stop «The Telephone Call»
(1987)

«Musique Non-Stop» er ein song av den tyske electronica-gruppa Kraftwerk frå albumet deira Electric Café som kom ut i 1986. Han vart gjeven ut som ein remix på albumet deira The Mix i 1991 og som singel i 1986. Singelen nådde toppen av Dance-lista i USA[1], ein 82. plass på UK Singles Chart og 13. plass i heimlandet Tyskland.

Songen vert ofte framført som den siste songen på konsertane til Kraftwerk. Tidleg i 1990-åra vart ein heilt annan versjon av «Musique Non-Stop» – seinare og meir melodisk - mykje nytta som ein jingle på MTV Europe. Tidlegare hadde MTV Europe nytta element frå den originale songen og videoen i tittelgrafikken for MTV's Greatest Hits.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Teksten på Musique Non Stop består av tittelen sungen om att og om att av ei generisk mannleg og ei generisk kvinneleg stemme på engelsk og ei mannleg datastemme på fransk.

Etter at Florian Schneider slutta i bandet i 2008 er songen endra for å tilpassast videoteknikar Stefan Pfaffe under framføringane. Songen er i hovudsak den same, men er kortare og soloen som Schneider spelte, vert spelt av andre bandmedlemmar.

«The Mix»-versjonen inneheld element frå songane «Boing Boom Tschak» og «Techno Pop» frå Electric Café. Dette vart òg gjort med singelversjonen av Musique Non Stop og i musikkvideoen.

Musikkvideoen[endre | endre wikiteksten]

Videoen for «Musique Non-Stop» består av bandet som dataanimerte figurar. Han vart laga alt i 1983 og låg ubrukt i tre år før songen var ferdig og singelen kom ut. Animasjonen, som var komplisert på den tida, vart skapt av Rebecca Allen, som nytta for den tida toppmoderne programvare for andletsanimasjon utvikla av Institute of Technology i New York.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

UK 7"-singel[endre | endre wikiteksten]

  1. Musique Non-Stop [7" Mix] - 4:08
  2. Musique Non-Stop - 3:45

12" single[endre | endre wikiteksten]

  1. Musique Non-Stop [12" Mix] - 6:15
  2. Musique Non-Stop [7" Mix] - 4:08

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1986/87) Plassering
Tyskland[2][3] 13
New Zealand[4] 45
UK Singles Chart[5] 82
U.S. Billboard Hot Dance Single Sales
[6]
6
U.S. Billboard Hot Dance Club Play[6] 1

Kjelder[endre | endre wikiteksten]