My Baby Left Me

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

«My Baby Left Me» er ein rhythm and blues-song skriven av bluesartisten Arthur Crudup seint i 1940-åra.

Han vart kjend då Elvis Presley spelte inn songen og gav han ut som b-sida til singelen hans «I Want You, I Need You, I Love You» i 1956. Han vart òg spelt inn av Wanda Jackson, Creedence Clearwater Revival i 1970 for albumet Cosmo's Factory og av John Lennon (feilaktig kalla «Since My Baby Left Me»), spelt inn under Rock 'n' Roll-innspelinga i 1973, men først gjeve ut etter han døydde på Menlove Ave. i 1986.

Ein singel av Dave Berry and the Cruisers nådde 37. plass på singellista i Storbritannia i 1964. Elton John spelte ein bit av «My Baby Left Me» som ein del av ein medley (i lag med eit bit av the Beatles sin «Get Back») under ei konsertframføring av «Burn Down the Mission»" på konsertalbumet 11-17-70.

Slade-versjonen[endre | endre wikiteksten]

My Baby Left Me
Singel av Slade
B-side O.H.M.S.
Utgjeve 17. oktober 1977
Innspelt 1977
Sjanger Rock
Lengd 2:24
Selskap Barn Records
Låtskrivar(ar) Arthur Crudup
Produsent Chas Chandler
Slade-kronologi
«Burning in the Heat of Love»
(1977)
My Baby Left Me «Give Us a Goal»
(1978)


«My Baby Left Me» vart spelt inn av rockebandet Slade og gjeve ut som singel i 1977 som ein hyllest til Elvis Presley, som døydde i august det året. Singelen låg fire veker inne på UK Singles Chart og nådde 32. plassen. Han vart den siste singelen til Slade inne på lista, før 1980.

Slade-versjonen av «My Baby Left Me» vart blanda med ein annan Crudup-song kalla «That's All Right».

Lister[endre | endre wikiteksten]

Lister (1977) Plassering Veker på lista
UK Singles Chart[1] 32 4

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Official Charts/Artist/Slade». Official Charts Company. Henta 1. august 2013.