I Want You, I Need You, I Love You

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
I Want You, I Need You, I Love You
av Elvis Presley
B-side

«My Baby Left Me»

Språk engelsk
Utgjeve 12. mai 1956
Innspelt 14. april 1956, RCA Studios, Nashville i Tennessee
Sjanger Ballade
Lengd 2:37
Selskap RCA Victor
Komponist Ira Kosloff, Maurice Mysels
Tekstforfattar Ira Kosloff, Maurice Mysels
Låtskrivar(ar) Maurice Mysels, Ira Kosloff
Produsent Steve Sholes
Elvis Presley-kronologi 
«Heartbreak Hotel»

(1956)

I Want You, I Need You, I Love You «Don't Be Cruel» / «Hound Dog»

(1956)


«I Want You, I Need You, I Love You» er ein popsong skriven av Maurice Mysels og Ira Kosloff.[1] Han er mest kjend som den sjuande singelen til Elvis Presley for RCA.[1] Denne vart gjeven ut i mai 1956, og vart den andre singelen til Presley som nådde toppen av country-lista og tredjeplassen på Billboard Top 100-lista.[1]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

I april 1956 rapporterte Variety Magazine at den sjette singelen til Presley for RCA Victor, «Heartbreak Hotel», hadde selt ein million eksemplar.[2] RCA Victor-produsenten Steve Sholes ønskte ein sterk singel for neste utgjeving, men det var ikkje så mange innspelingar att.[2] Sidan Presley var oppteken på ein turné, ønskte Sholes han attende i studio så snart som mogeleg. Presley og bandet hans bestilte eit lite propellfly til Nashville for ein innspelingsdag mellom konsertane.[2]

På veg frå Amarillo fekk flyet motorproblem og fall kraftig fleire gonger.[2] Då dei kom til Nashville morgonen 14. april var alle fire stressa.[2] Presley kom til studio utan nye idear og måtte derfor bruke eit av forslaga til Sholes, som var «I Want You, I Need You, I Love You».[2] Innspelinga gjekk ikkje bra på grunn av opplevinga tidlegare på dagen, og dei prøvde 17 opptak i løpet av tre timar, utan eit forsøk som sat.[2] Sholes valde å sende Presley og bandet heim.

Etter innspelinga lytta Sholes på opptaka igjen. Han var ikkje nøgd med resultatet av det han meinte var ei uprofesjonell og mislukka innspeling.[3] Det hadde kosta 1000 dollar å fly Presley og bandet inn, og Sholes let manageren til Presley, Colonel Tom Parker, få vite at han var misnøgd og ønskte ei ny innspeling så snart som mogeleg.[3] Han visste at Presley var travel og at det kunne ta månader før RCA Victor fekk han attende i studio. Han gjorde derfor noko uvanleg og som oftast vart mislukka i 1950-åra. Sholes tok delar av to opptak han likte (opptak 14 og 17), kutta dei og limte dei saman til eit opptak han likte.[1] Redigeringa hans var så saumlaus at ingen kunne sei at det var frå to forskjellige opptak.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

«I Want You, I Need You, I Love You» vart gjeven ut med «My Baby Left Me» på B-sida og kom ut 4. mai 1956.[4] Førehandssalet på over 300 000 var det største i historia fofr selskapet. Då songen kom ut hadde Presley tre songar i Topp 20: «Heartbreak Hotel/I Was the One,» «My Baby Left Me» og «I Want You, I Need You, I Love You». Den 5. juni 1956 framførte Presley songen på The Milton Berle Show, i tillegg til ein tidleg versjon av «Hound Dog»[4] som førte til hysteri i publikum..[4]

Singelen gjorde det godt og nådde tredjeplassen på Billboard Top 100 og toppen av countrylista.[1] Presley fekk den andre gullplata si for singelen med eit sal på over 1,3 millionar eksemplar.[1]

Påverknad[endre | endre wikiteksten]

Songen var inspirasjonen til Meat Loaf-songen «Two Out of Three Ain't Bad». Songen er framleis populære og vert nytta som kjkenningsmelodi for mange organisasjonar.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Jazzfusion/rockegitarist Robby Krieger spelte ein instrumentversjon av songen i 1989 på soloalbumet No Habla.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Victor (2008), s. 251.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 Guralnick/Jorgensen (1999), Elvis: Day by Day, s. 69.
  3. 3,0 3,1 Guralnick/Jorgensen (1999), Elvis: Day by Day, s. 70.
  4. 4,0 4,1 4,2 Guralnick/Jorgensen, s. 73.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]