Myrciaria floribunda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Myrciaria floribunda
Myrciaria floribunda
Myrciaria floribunda
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Myrteordenen Myrtales
Familie: Myrtefamilien Myrtaceae
Underfamilie: Myrtoideae
Stamme: Myrteae
Slekt: Myrciaria
Art: M. floribunda
Vitskapleg namn
Myrciaria floribunda

Myrciaria floribunda er eit tropisk frukttre eller busk frå Karibia. Det dannar bær som blir brukt til mat og fleire ulike drikkar.

Bær på treet
Moge bær.

På engelsk er planten kjend som guavaberry og rumberry. Han blir også kalla mirto eller murta på Puerto Rico, guayabillo i Guatemala, coco-carette, merisier-cerise eller bois de basse batard på Guadeloupe og Martinique, cabo de chivo i El Salvador, escobillo i Nicaragua, mije eller mije colorado på Cuba og Den dominikanske republikkeb, bois mulatre på Haiti og roode bosch guave, saitjaberan eller kakrioe hariraroe tataroe i Surinam. Planten er ikkje i slekt med guava, men med camu-camu (Myrciaria dubia).[1]

Treet kan bli opptil 18 meter høgt, men finst i ei rekkje former. Det har raudbrune griener og små rosa og kvite blomar. Fruktene eller bæra er guloransje eller mørkeraude, med eit tynt lag gjennomsiktig kjøt rundt ein stein. Smaken er søt og syrleg.

Planten veks vilt i Sentral- og Sør-Amerika, i land som Cuba, Den dominikanske republikken, Haiti, Jamaica, Puerto Rico og fleire av Dei små Antillane. Han er også blitt innført til Florida, Bermuda, Hawaii og Filippinane.

Guavaberry Emporium i Sint Maarten.

Bæret blir brukt til å laga syltetøy og drikkar. Likør laga av Myrciaria floribunda og rom er ein vanleg juledrikk på fleire av veksestadane, særleg Sint Maarten og Jomfruøyane. Kolonistar frå Danmark og Nederland fant ut at dei kunne smaksetja rommen på liknande vis som snaps. Både brennevin og snaps med Myrciaria floribunda blei tidlegare eksportert frå St. Thomas til Danmark.[1]

I Den dominikanske republikken er han knytt til den austlege byen San Pedro de Macorís, som har mange innbyggjarar av aust-karibisk opphav.

Myrciaria floribunda blir også brukt som medisinplante. Bæra blir rekna for å ha reinskande verkning, og blir tekne mot leverplager.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Morton, Julia (1987), «Rumberry», Fruits of warm climates, Miami, FL: Center for New Crops & Plant Products, Purdue University, s. 388–390 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]