Likør

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Heimelaga ripslikørar.

Likør (av fransk liqueur, frå latin 'flyta') er ei nemning for ulike aromatiserte og søta typar brennevin. Blant dei mange likørane som finst er dei viktigaste urte-, krydder-, frukt- og bærlikørar. Andre typar kan vera framstilt på basis av bitterstoff, kakaobønner, eggeplommer, fløyte og anna. Kva råvare ein bruker påverkar produksjonsmåte og alkolstyrke.

Ein kan laga likør gjennom uttrekk i kaldt eller varmt vatn eller sprit, destillasjon og liknande. Alkoholen kan vera reinsa sprit eller forskjellige brennevinar, som arak i punsj, whisky og konjakk. Ein søtar som regel likøren ved å tilsetja sukker, men i nokre høve kan ein nytta glyserol og i visse spesialprodukt honning.

Alkoholstyrken er lågast i kremlikørar (18–20 %), litt høgare i fruktlikørar (25–30 %) og høgast i krydderlikørar (40–55 %). Alkoholstyrken har stor tyding for om likøren skal lagrast. Ein likør som curaçao skal til dømes ikkje lagrast, men edle krydderlikørar blir lagra over lengre tid.

Nokre land med mykje produksjon av likør er Frankrike, Italia, Tyskland og Nederland.

Kjende likørar[endre | endre wikiteksten]

  1. Drambuie (skotsk på whiskybasis)
  2. DOM Bénédictine (fransk, sitrus)
  3. Marie Brizard (fransk fabrikk, lager fruktlikør av det meste med druesprit som basis)
  4. Sankt Hallvard (tradisjonell, norsk)
  5. Southern Comfort (amerikansk, på bourbonwhiskeybasis, det vil seia maissmak)
  6. Bols (nederlandsk, mest kjend for genever, men har også mange likørar)
  7. Metaxa (gresk), også brandy med same namn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Likør» (22. juni 2009). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 28. juni 2015.