Mytilíni

Koordinatar: 39°06′N 26°26′E / 39.100°N 26.433°E / 39.100; 26.433
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Mytilene)
Mytilíni
Lokalt namn Μυτιλήνη

Mytilíni
Geografi
Stad Dei nordegeiske øyane
Koordinatar 39°06′N 26°26′E / 39.100°N 26.433°E / 39.100; 26.433
Areal 564,7 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Dei nordlege egeiske øyane
Lésvos
Hovudsete Mytilíni (31 714 innb.)
Demografi
Folketal 59 034 (2021[1])
Folketettleik 104,5 /km²

Mytilíni (gresk Μυτιλήνη, tyrkisk Midilli), òg kalla Mytilene, er ein by og ein kommune aust på øya Lésvos. Han er hovudbyen på øya og hovudsete i kommunen Mytilíni, i periferieininga Lésvos og i periferien Dei nordlege egeiske øyane i Hellas.[2]

Mytilíni har ei vakker hamn med ferjesamband til dei nærliggande øyane Límnos og Khíos og til Avyalik i Tyrkia. Hamna har òg båtsamband til Pireus, Aten og Thessaloníki.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Den tidlegare kommunen Mytilíni, no kommunaleininga Mytilíni

Mytilíni hadde vore eigen kommune fram til 2011, men vart då ei kommunaleining i kommunen Lésvos.[2] Frå 2019 vart storkommunen delt opp att, og dei opphavlege kommunane Ajásos, Everjétoulas, Jéra, Loutrópoli Thermís, Mytilíni og Plomári vart kommunaleiningar i den nye kommunen Mytilíni.[3]

Ved folketeljinga i 2021 var det 59 034 innbyggjarar i det som no er kommunen Mytilíni. Kommunaleininga Mytilíni hadde 41 379 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 31 714 innbyggjarar.[1]

Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Kommunaleining Folketal 2011[4] Folketal 2021[1]
Mytilíni Mytilíni 27 871 31 714
Plomári Plomári 2 996 2 756
Ajásos Ajásos 2 320 1 934
Pappádos Jéra 1 442 1 386
Skópelos Jéra 1 530 1 383
Pámfila Mytilíni 1 413 1 188
Variá Mytilíni 1 133 1 100
Taxiárkhes Mytilíni 1 107 1 087
Loutrá Mytilíni 1 085 1 025
Panajoúda Mytilíni 906 982
Mória Mytilíni 1 164 938
Paleókipos Jéra 976 826
Loutrópoli Thermís Loutrópoli Thermís 900 823
Íppio Everjétoulas 818 708
Pérama Jéra 726 702
Mesargós Jéra 631 571
Káto Trítos Everjétoulas 518 507
Plajá Plomári 529 473
Ajía Marína Mytilíni 522 467

Småøyar i kommunen:

  • Ájos Vasílios (0)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.