NRK Klassisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kort video som syner korleis BMS-programmet brukt av NRK Klassisk verkar. Alltid Klassisk-medarbeidar Anders Fagerjord søkjer opp ei innspeling, og legg ho klar i spelelista. Så startar jukeboksen avspelinga. Videoen er tatt opp i 1998.

NRK Klassisk (opphavleg NRK Alltid Klassisk) er ein digital radiokanal for klassisk musikk. Kanalen kom på lufta i juni 1995 som den aller første heildigitale radiokanalen i verda, med drift 24 timer i døgeret. Kanalen kan takast inn over DAB, internett og på digital-tv. Fram til 1. juli 2009 var det òg mogleg å få inn kanalen i FM-bandet. Kanalen sender berre klassisk musikk. Om natta samsender han og NRK P2 programmet Notturno.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Videoen syner Jørn Jensen (t.v) saman med tidlegare radiodirektør Tor Fuglevik. Jørn Jensen fekk i 1994 i oppgåve av Fuglevik å etablere kanalen NRK Alltid Klassisk.

Radiodirektør Tor Fuglevik fekk idéen til kanalen under eit nordisk radiodirektørmøte i Helsingfors i 1992. Den finske ålmennkringkastaren YLE sin ungdomskanal Radiomafia (frå 1993 YleX) hadde sidan byrjinga i 1990 nytta datastyrt sending, heilt utan mannskap. Desse store programflatene høyrdest ut som direktesendt radio, men med musikk frå CD-jukeboksar og annonseringar frå studio som digitale opptak.

Den norske idéen var å nytte dette konseptet til å starte ein kanal for kunstmusikk. Dei aller første planane vart lagde på is, av di planlegging og oppstarting av det nye, nasjonale trekanalssystemet til NRK Radio frå hausten 1993 tok all merksemd.

I 1994 vart idéen frå Radiomafia henta fram att i samband med NRK sin strategi for den nye digitale radiostandarden DAB (Eureka 147). Ei viktig drivkraft var planane til den britiske, kommersielle kanalen Classic FM. Sentrale medarbeidarar i musikkredaksjonen i NRK Radio, leia av Synne Skouen, ville komme denne kanalen i forkjøpet. Same året fekk musikkredaksjonen sin medarbeidar Jørn Jensen i oppdrag av radiodirektør Tor Fuglevik, å få på lufta ein heildøgns, klassisk musikkanal i NRK.

Kanalen skulle i prøvetida drivast med svært låge kostnader. Talet på tilsette måtte haldast på eit minimum ved å nytte medarbeidarar med så allsidig kompetanse at dei kunne fylle alle rollene – og ta seg av alt frå musikkval til presentasjon. Avviklinga skulle automatiserast, og musikken måtte så langt som råd kunne nyttast med minimale eller ingen avgifter til TONO og andre opphavsrettorganisasjoner. Slike «gratis» musikkopptak kunne NRK skaffe seg gjennom den europeiske kringkastingsunionen EBU, frå BBC og frå CD-ar gjeve ut i land som Noreg ikkje hadde opphavsrettsavtale med. Dette gjaldt mellom anna USA og Hong Kong, der plateselskapet Naxos hadde sitt hovudkvarter.

For å skaffe slike innspelingar, reiste to av dei tilsette i Alltid Klassisk til New York i januar 1995 for å handle inn musikk, og kom attende med over 1000 avgiftsfrie CD-ar.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Ein av CD-jukeboksane som var i bruk frå kanalen sitt første år. Biletet er frå 1997.

Kanalen blei heilt frå starten av planlagt med ei heildigital programkjede frå digital produksjon via DAB-sendar fram til DAB-mottakaren.

For å få sendingane på lufta, kjøpte kanalen inn programvara BMS (Broadcast Media Server) frå det svenske firmaet BCC. Utviklaren Peter Högfeldt fekk oppgåva med å tilpasse BMS til kanalen.

BMS gjorde det mogleg å spele inn annonseringane på førehand gjennom ein digital miksar, saman med jinglane, altså korte eigenannonseringar). Bakgrunnslyden var lagra på datamaskinen sin harddisk, og BMS styra avspelinga av det heile saman med musikkopptaka frå CD og digitale lydkassettar (DAT).

CD-ane var lagra i jukeboksar med plass til 360 plater i kvar. Jukeboksen hadde to avspelarar, og fullt utbygd hadde NRK Alltid Klassisk ti slike jukeboksar.

Medarbeidarane avvikla morgonsendingane, altså i den beste sendetida, direkte, medan resten av døgeret vart avvikla automatisk av BMS. Under høgtider som jul og påske kunne avviklinga av automatiske spelelister strekke seg over fleire døger.

Overingeniør Bjørn Aarseth frå NRK si studiotekniske avdeling fekk oppgåva med å integrere dei einskilde digitale lydsignala. Det krevjande her var å konvertere og synkronisere alle signala til den same standarden for digital lydoverføring, AES3, også kalla AES/EBU. BMS-programmet sørgde også for å kople inn Dagsnytt-sendingane til rett tid.

Sending[endre | endre wikiteksten]

Lyden vart heldt ukomprimert heilt fram til siste koding til MPEG 1 layer 2 for sending over DAB.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

·

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]