NRK Troms og Finnmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

NRK Troms og Finnmark er NRK sitt distriktskontor for Troms og Finnmark. Det vart oppretta den 3. juli 2003 gjennom samanslåinga av NRK Troms og NRK Finnmark.

Distriktsredaktør er Pål Hansen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Finnmark Kringkaster vart oppretta 17. mai 1934 som første NRK-kontor utanfor Marienlyst. NRK i Finnmark vart ikkje okkupert før juni 1940. Dei tyske styrkane tok over stasjonen etter ein langvarig diskusjon om dei norske kringkastingsstasjonane. Riksprogrammet i Noreg den 17. mai 1940 vart i sin heilheit overført direkte til landet til trass for at Noreg var okkupert av tyske okkupantar. Sendinga var eit samarbeid mellom Troms og Finnmark. Årsaka til ordrenektinga var at det ikkje fanst okkupasjonsstyrkar i Nord-Noreg som kunne sette i verk den tyske ordren om kringkastingsovertaking.

Formelt sett vart Finnmark Kringkaster overteke av NRK i 1958.