NRK Marienlyst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kringkastingshuset (Radiohuset).
Fjernsynshuset.

NRK Marienlyst er hovudkvarteret til Norsk rikskringkasting (NRK) på Marienlyst i Oslo. På Marienlyst vert det produsert nyhendeprogram, underhaldning og faktaprogram for riksdekkande radio, fjernsyn og nye medium. Her ligg Kringkastingshuset, som òg vert kalla Radiohuset eller «Det hvite hus», og er det opphavlege huset for Norsk rikskringkasting, og Fjernsynshuset, som ligg attom Radiohuset og er bygd for produksjon av fjernsynsprogram. På området har Norsk rikskringkasting òg eit hus som mellom anna hysar eit «opplevingssenter» for publikum. Dessutan har det i lang tid stått eit par store brakker på området, nytta i fjernsynets tidlige barndom, og som seinare har gjort nytte for seg som kontorlokale.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]