NRK mP3

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search

NRK mP3 (tidlegare: mPetre) er ein radiokanal frå NRK, skipa 31. juli 2000 under opningsshowet på Norway Cup.

mP3 sender frå Tyholt i Trondheim og er ein DAB-kanal, men sender og over 13 sendarar i FM-nettet som dekker fleire større stader i Noreg.

mPetre tv[endre | endre wikiteksten]

NRK mP3 sendte frå og med hausten 2002 fram til sommaren 2004 tv-programmet mPetre TV i samsending med NRK2. Denne sendinga gjekk frå kl 18.00 til 20.00 fredag og natt til laurdag, og gjekk tidlegare også natt til søndag, men denne sendinga vart seinare kutta ut.