Hopp til innhald

Nedresjøen i Dronning Maud Land

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nedresjøen
innsjø
Land  Antarktis
Stad Dronning Maud Land
   høgd 563 moh.
 - koordinatar 71°20′S 13°27′E / 71.333°S 13.450°E / -71.333; 13.450
Lengd 6,5 km
Areal 11,4 km²
Type Brevatn
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Nedresjøen i Dronning Maud Land
71°20′00″S 13°27′00″E / 71.333333333333°S 13.45°E / -71.333333333333; 13.45
Nedresjøen i Dronning Maud Land is located in Antarktis
Nedresjøen i Dronning Maud Land (Antarktis)
Wand et al.[1]

Nedresjøen (tysk Untersee) er den største innsjøen i det indre av Gruberfjella sentralt i Dronning Maud Land i Aust-Antarktis. Han ligg 90 km sørvest for Schirmacheroasen. Innsjøen er kring 6,5 km lang og 2,5 km brei, med eit areal på 11,4 km², og ei største djupne på 169 m. Innsjøen er permanent isdekt og grensar delvis til isbrear.[2][3]

Nedresjøen er ein uvanleg innsjø med ein pH mellom 9,8 og 12,1[1][4], med opplyst oksygen i eit nivå på 150 prosent overmetting og særs låg primærproduksjon i vassøyla. Trass id et høge oksygeninnhaldet, er det eit lite område i sørenden som er oksygenfattig der sedimenta har ein høgare konsentrasjon av metan enn nokon annan kjend innsjø på jorda.[4][5] Mykje av primærproduksjonen er i mikrobesamfunn som veks på botnen av innsjøen som stromatolittar.[6] Vasstemperaturen varierer mellom 0,5 °C og 5 °C og isen som dekkjer innsjøen er 2-6 meter tjukk.[1][4] Isdekket kan ha vart i over 100 000 år og somme klimaforskarar fryktar store miljømessige endringar i samband med global oppvarming dei neste tiåra.[3]

Kart som syner plasseringa til Nedresjøen

Nedresjøen ligg i det indre av Gruberfjella sentralt i Dronning Maud Land i Aust-Antarktis, og ligg på kring same lengdegrad som Huab i Skeleton Coast National Park på nordkysten av Namibia. Han ligg 90 km sørvest for Schirmacheroasen.[7]

Innsjøen er kring 6,5 km lang og 2,5 km brei og har eit areal på 11,4 km². Den strøste djupna er 169 m. Han er permanent isdekt og er demd opp av Anuchinbreen og smeltevatn frå Anuchinbreen er hovudvasskjelda.[1] Innsjøen har ingen utløp. Vatnet forsvinn gjennom sublimasjon og ablasjon frå isdekket. Innsjøen er kategorisert som ein ultra-oligotrofisk innsjø.[1]

Innsjøen vart oppdaga av Den tyske antarktisekspedisjonen i 1938–39. Etter det har fleire ekspedisjonar studerte eigenskapane i innsjøen. Den første studien av innsjøen vart utført av N.G. Kosenko og D.D. Kolobov tidleg i 1969, og sidan fleire studiar av russiske og tyske forskarar.[1]

  1. 1 2 3 4 5 6 U. Wand, G. Schwarz, E. Bruggemann and K. Brauer (1997). «Evidence for physical and chemical stratification in Nedresjøen (central Dronning Maud Land, Aust-Antarktis)». Antarctic Science Journal 9 (1): 4345. doi:10.1017/S0954102097000060.
  2. W.-D. Hermichen, P. Kowski & U. Wand (1985). «Lake Untersee, a first isotope study of the largest freshwater lake in the interior of East Antarctica». Nature 315 (6015): 131–3. doi:10.1038/315131a0.
  3. 1 2 «Antarctica’s Lake Untersee and global warming». Kinohi Institute. Henta 23. februar 2014.[daud lenkje]
  4. 1 2 3 U. Wand & V. A. Samarkin & H.-M. Nitzsche & H.-W. Hubberten. «Biogeochemistry of methane in permanently icecovered Lake Unteresee, central Queen Maud Land, East Antarctica». Limnology and Oceanography 51 (2): 1180–1194.>
  5. «Extremophile Hunt Begins». NASA Science. 7. februar 2008. Arkivert frå originalen 23. mars 2010. Henta 23. februar 2014.
  6. Andersen, DT; Sumner, DY; Hawes, I; Webster-Brown, J; Mckay, CP. «Discovery of large conical stromatolites in Lake Untersee in Antarctica». Geobiology. Henta 23. februar 2014.
  7. Hoover, Richard B. (29 mai 2008). «SCHIRMACHER OASIS/LAKE UNTERSEE Antarktis eiSTROBIOLOGY EXPEDITION» (PDF). Explorers.org. Henta 23. februar 2014.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]