New Values

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
New Values
Studioalbum av Iggy Pop
Utgjeve April 1979
Innspelt 1979
Studio Paramount Recording Studios i Hollywood i USA
Sjanger
Lengd 39:26
Selskap Arista
Produsent James Williamson
Iggy Pop-kronologi
TV Eye Live 1977
(1978)
New Values Soldier
(1980)


New Values er det fjerde studioalbumet til Iggy Pop og det første sidan The Stooges sitt Fun House og Kill City der David Bowie ikkje var involvert. Albumet kom ut i april 1979 og var det første albumet til Pop på Arista og det første samarbeidet til Pop og James Williamson sidan Kill City.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Albumet førte Pop og Williamson saman ned multi-instrumentalisten Scott Thurston att, som hadde spelt piano på konsertane til The StoogesMetallic K.O. og på Kill City.

Innspeling og utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Williamson spelte gitar på «Don't Look Down», men Scott Thurston spelte gitar på resten av songane medan Williamson konsentrerte seg om produksjonen.[2] Ein av songane var skriven av Pop og Williamson, medan fem songar var skriven av Pop og Thurston.

New Values kom ut i april 1979 på selskapet Arista. Sjølv om det fekk god kritikk, selde dårleg og nådde berre 180. plassen på Billboard Top 200-lista.

Det vart laga videoar for «I'm Bored» og «Five Foot One».

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
Kjelde Karakter
AllMusic 4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]
Chicago Tribune 3/4 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[3]
Christgau's Record Guide B+[4]
The Rolling Stone Album Guide 3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[5]
Uncut 4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[6]

New Values er nokså kritikarrost. Då albumet kom ut skreiv Paul Morley i NME at New Values «heilt klart syner Osterberg som tenkjaren og Iggy som artisten, og forholdet er både positivt og stolt.»[7]

Charlotte Robinson i PopMatters skreiv at albumet «balanserer forsiktig mellom det tøffe og vare, opprør og tilfredsstilling, oppriktigheit og humor, skråskikre rop og nyansert balldesynging ... det gjer albumet til ein vinnar».[8]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

David Bowie spelte seinare inn songen «Don't Look Down» for albumet sitt Tonight (1984) og nytta denne som opning og avslutning for kortfilmen Jazzin' for Blue Jean.

Frontmannen i Pixies, Frank Black siterte New Values som eit av favorittalbuma hans.[9]

«The Endless Sea» vart spelt av det australske psykedelisk rockebandet The Church i 1999 på albumet A Box of Birds.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side A
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Tell Me a Story»   Iggy Pop 2:50
2. «New Values»   Pop, Scott Thurston 2:39
3. «Girls»   Pop 3:00
4. «I'm Bored»   Pop 2:47
5. «Don't Look Down»   Pop, James Williamson 3:39
6. «The Endless Sea»   Pop 4:50
Side B
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Five Foot One»   Pop 4:29
2. «How Do Ya Fix a Broken Part»   Pop 2:55
3. «Angel»   Pop, Thurston 3:44
4. «Curiosity»   Pop, Thurston 2:29
5. «African Man»   Pop, Thurston 3:35
6. «Billy Is a Runaway»   Pop, Thurston 2:31

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Iggy Pop – vokal
  • Scott Thurston – gitar, harpe, klaverinstrument, synthesizer, vokal, blåsararrangement
  • Klaus Krüger – trommer
  • Jackie Clark – bass
  • John Harden – blåsarar
  • David Brock – strykarar, strykararrangement
  • Earl Shackelford – korvokal
  • The Alfono Sisters (Anna og Mary) – korvokal på «Don't Look Down» og «Angel»
  • James Williamson – gitar, blåsar- og strykararrangement, produsent, miksing
Teknisk
  • Lloyd Malan – produsentassistent
  • Peter Haden – lydteknikar, miksing
  • Paul Henry – design og kunstnarisk leiar
  • Trevor Rogers – fotografi
  • Graphyk – grafikk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Deming, Mark. «New Values – Iggy Pop». AllMusic. http://www.allmusic.com/album/new-values-mw0000049065. Henta 6. mai 2018. 
  2. «Iggy-pop.com : Interviews.». Arkivert frå originalen den 5. mars 2012. https://web.archive.org/web/20120305131455/http://www.iggy-pop.com/intw-williamson.php. Henta 6. mai 2018. 
  3. Kot, Greg (22. juli 1990), Pop On Pop: Iggy Rates His Own Music (and So Do We), http://articles.chicagotribune.com/1990-07-22/entertainment/9003010792_1_star-stooges-atmospheric-art-rock, henta 11. august 2016 
  4. Christgau, Robert (1981). «Iggy Pop: New Values». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the '70s. Ticknor and Fields. ISBN 0-89919-026-X. Henta 6. mai 2018. 
  5. Coleman, Mark; Kemp, Rob (2004). «Iggy Pop». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 645–46. ISBN 0-7432-0169-8. 
  6. «Iggy Pop: New Values». Uncut (41): 96. October 2000. 
  7. Morley, Paul (28. april 1979). «Iggy Pop: New Values (Arista)». New Musical Express. Henta 6. mai 2018. 
  8. Robinson, Charlotte (5. februar 2003). «The Weird Trilogy: Iggy Pop's Arista Recordings». http://www.popmatters.com/feature/030205-iggypop/. Henta 6. mai 2018. 
  9. Wright, Mic (16. april 2012). «The Quietus | Features | Baker's Dozen | Number 13 Baby: Frank Black's Favourite Albums Revealed». http://thequietus.com/articles/08613-frank-black-favourite-albums-the-pixies?page=8. Henta 6. mai 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]