Blah Blah Blah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Blah-Blah-Blah
Studioalbum av Iggy Pop
Utgjeve 23. oktober 1986
Innspelt 1986
Studio Mountain Studios i Montreux i Sveits
Sjanger
Lengd 46:12
Selskap A&M
Produsent
Iggy Pop-kronologi
Zombie Birdhouse
1982
Blah-Blah-Blah Instinct
1988
Singlar frå Blah-Blah-Blah
  1. «Cry for Love»
    Utgjeve: Oktober 1986[1]
  2. «Real Wild Child (Wild One)»
    Utgjeve: November 1986[2]
  3. «Shades»
    Utgjeve: Februar 1987[3]
  4. «Fire Girl»
    Utgjeve: April 1987
  5. «Isolation»
    Utgjeve: Juni 1987[4]
Meldingar
Karakter
Kjelde Karakter
AllMusic 2.5/5 starsStar full.svgStar half.svgStar empty.svgStar empty.svg[5]
Robert Christgau C+[6]

Blah-Blah-Blah er eit musikkalbum av Iggy Pop gjeven ut på A&M i 1986. Det vart hans mest kommersielle album så langt i karrieren. Blah Blah Blah kom ut etter ein fire år lang pause for Pop med David Bowie som den største samarbeidspartnaren. Han la ut på ein suksessrik turne etter albumet kom ut.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Albumet inneheld ein coverversjon av Johnny O'Keefe-songen «Wild One» (her kalla «Real Wild Child (Wild One)») og tre originale songar skriven av den tidlegare Sex Pistols-gitaristen Steve Jones. Dei andre songane var skrivne i lag med Bowie, som òg produserte albumet i lag med David Richards. I motsetnad til hans tidlegare samarbeid med Pop, The Idiot og Lust for Life (begge 1977), song han ikkje eller spelte nokre instrument. Bowie-biografen David Buckley skreiv at Pop «praktisk talt ikkje vedkjende seg» albumet og kalla det eit «Bowie-album i alt anna enn namnet».[7] Det har ikkje blitt spesifisert kva av songane på albumet som kom frå nokre av innspelingane til Bowie-albumet Tonight i 1984, om nokon i det heile.

Utgjeving og mottaking[endre | endre wikiteksten]

Allmusic skildra albumet som «det mest kalkulerte kommersielle albumet i karrieren til Iggy»,[8] Blah Blah Blah selde til gullplate i Canada (meir enn 50 000 selde) og nådde Topp 10 i mange land i Europa. I USA nådde det 75. plass.

Singlar[endre | endre wikiteksten]

«Real Wild Child» nådde 27. plass på Billboard's Mainstream Rock-lista og vart den første hitten til Pop på Topp 10 i Storbritannia.[9] Songen vart nytta i filmen Pretty Woman frå 1990, samt Problem Child 1 og 2, og har vore kjenningsmelodi til det australske musikkprogrammet rage sidan 1987. Andre singlar og musikkvideoar frå albumet var «Cry for Love», «Isolation» og «Shades». «Cry for Love» vart av Rolling Stone skildra som ei blanding av «det klassiske raseriet til Iggy, kabareten til Bowie og ein uventa romantisk sårbarheit.»,[10] og nådde 19. plass på Billboard's Hot Dance Music-liste og 34. plass på Mainstream Rock-lista.[9]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Iggy Pop og David Bowie bortsett frå der andre er nemnde. 

# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Real Wild Child (Wild One)»   Johnny O'Keefe, Johnny Greenan, Dave Owens 3:38
2. «Baby, It Can't Fall»     4:14
3. «Shades»     5:57
4. «Fire Girl»   Pop, Steve Jones 3:33
5. «Isolation»     4:37
6. «Cry For Love»   Pop, Jones 4:28
7. «Blah-Blah-Blah»     4:32
8. «Hideaway»     5:01
9. «Winners & Losers»   Pop, Jones 6:18
10. «Little Miss Emperor»     3:50

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Credits are adapted from the album's liner notes.[11]

Produksjon

Kjelder[endre | endre wikiteksten]