Kill City

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kill City
Studioalbum av Iggy Pop og James Williamson
Utgjeve November 1977
Innspelt 1975
Studio Maconnel Studios i Los Angeles
Sjanger
Lengd 32:00
Selskap Bomp!
Produsent James Williamson
Iggy Pop-kronologi
Lust for Life
(1977)
Kill City TV Eye Live 1977
(1978)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[1]
BBC Musicpositiv[2]
Robert ChristgauB[3]
Drowned in Sound6/10[4]
New Musical Expresspositiv[5]

Kill City er eit album gjeven ut i 1977 av Stooges-vokalist Iggy Pop og gitarist James Williamson. «Johanna» og «I Got Nothin'» vart begge spelte på konsertar i 1973 og 1974 medan James Williamson var i Stooges.

Innspelt[endre | endre wikiteksten]

Kill City vart spelt inn i 1975 etter at gruppa vart oppløyst. Det skulle vere ein demo som dei skulle gje til plateselskap i håp om få Iggy Pop ein ny platekontrakt. Vokalen hans vart spelt inn i helgene då han fekk permisjon frå mentalsjukehuset han var innlagt på for behandling for det langvarige heroinmisbruket sitt.

Den originale demo-miksen av albumet frå 1975 er aldri gjeven ut, bortsett frå tre spor som finst på forskjellige samleplater som A Million in Prizes og Original Punks: «Johanna», «Consolation Prizes» og «Kill City». Desse høyrest markant forskjellige ut frå dei endelege versjonane på albumet, med andre gitarparti og utan saksofon på «Johanna».

Ny miks i 1977 og utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Ingen tok imot albumet før i 1977, då soloalbuma til Pop, The Idiot og Lust for Life gjorde det godt, og James Williamson fekk eit forskot frå Bomp på å gje ut albumet. Noko av midlane vart nytta til å gjere innspelingane ferdig og mikse albumet på ny.

Pop dukka seinare opp som seg sjølv i Tales from the Crypt og framførte tittelsporet der.

Masterteipane gjekk tapt kort tid etter at albumet kom ut, så alle nyare CD-utgjevingar er derfor mastra frå den originale grøne vinylen av dårleg kvalitet. Dette er delvis årsaka til den noko grumsete lyden på albumet.

Ny miks i 2010[endre | endre wikiteksten]

I 2010 miksa James Williamson og lydteknikar Ed Cherney nok ein gong frå dei originale fleirspora. Dette gjorde at det kom enno ein ny versjon av albumet, gjeven ut på Bomp Records den 19. oktober 2010.[6]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Iggy Pop og James Williamson, utanom «Master Charge» av Williamson og Scott Thurston

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Kill City»   2:20
2. «Sell Your Love»   3:36
3. «Beyond the Law»   3:00
4. «I Got Nothin'»   3:23
5. «Johanna»   3:03
6. «Night Theme»   1:20
Side to
# Tittel Lengd
7. «Night Theme (Reprise)»   1:04
8. «Consolation Prizes»   3:17
9. «No Sense of Crime»   3:42
10. «Lucky Monkeys»   3:37
11. «Master Charge»   4:33

Medvekrande[endre | endre wikiteksten]

  • Iggy Pop - Vokal
  • James Williamson - Gitar
  • Scott «Troy» Thurston - Tangentinstrument, bass på «Kill City», «Beyond the Law», «Johanna» og «Night Theme», korvokal, spesialeffektar, munnspel
  • Brian Glascock - Trommer, congatrommer, afrikanske trommer, korvokal, guiro
  • Steve (From Out of Nowhere) Tranio - Bass på «Sell Your Love», «I Got Nothin'» & «No Sense of Crime»
  • Tony «Fox» Sales - Korvokal og bass på «Lucky Monkeys» & «Master Charge»
  • Hunt Sales - Korvokal og trommer «Lucky Monkeys» & «Master Charge»
  • John «The Rookie» Harden - Saksofon
  • Gayna - Korvokal på «Night Theme»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]