Nordisk sameråd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nordisk sameråd
Skipa1956

Nordisk sameråd (nordsamisk Sámiráđđi) er ein paraplyorganisasjon for samiske organisasjonar i Noreg, Sverige, Finland og Russland.[1] Etter at Nordisk sameråd fekk representantar frå russisk side er det vanleg å referere til det berre som Samerådet.

Sekretariatet til Nordisk sameråd ligg i Utsjok i Finland.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Nordisk sameråd vart grunnlagt 1956,[1] men den første internasjonale samiske konferansen vart arrangert allereie 31.8.-3.9.1953 i Jokkmokk i Sverige. På denne konferansen vart det sett ned ein komité som fekk i oppgåve å danne eit felles sameråd. Dette samerådet skulle fremje dei økonomiske og kulturelle interessene til samane.

Dei første vedtektene for eit sameråd vart fastsette på samekonferansen i Karasjok i 1956.

Rådsmedlemmar[endre | endre wikiteksten]

Samerådet består av 15 medlemmer, 5 frå norsk side, 4 frå svensk side, 4 frå finsk side og 2 frå russisk side. Kvar medlem har ein varamedlem.

Medlemsorganisasjonar[endre | endre wikiteksten]

Samekonferansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Jokkmokk, 1953
  2. Karasjok, 1956
  3. Enare, 1959
  4. Kiruna, 1962
  5. Tana, 1965
  6. Hetta, 1968
  7. Gällivare, 1971
  8. Snåsa, 1974
  9. Enare, 1976
  10. Arjeplog, 1978
  11. Tromsø, 1980
  12. Utsjoki, 1983
  13. Åre, 1986
  14. Lakselv, 1989
  15. Helsinki, 1992
  16. Murmansk, 1996 (Murmanskdeklarasjonen)
  17. Kiruna, 2000 (Kirunadeklarasjonen)
  18. Honningsvåg, 2004 (Honningsvågdeklarasjonen)
  19. Rovaniemi, 2008 (Rovaniemideklarasjonen)
  20. Murmansk, 2013
  21. Trondheim, 2017 (Tråantedeklarasjonen)
  22. Gällivare, 2021


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «The Saami Council», Sámiráđđi (på norsk), henta 27. april 2022 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]