Nils Arctander

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nils Arctander
Fødd28. desember 1841
København
Død27. oktober 1901
Kristiania
NasjonalitetNoreg
PartiVenstre
Yrkelærar, politikar

Nils Peter Martin Arctander (28. desember 184127. oktober 1901) var ein norsk lærar og stortingsmann, fødd i København. Han voks dels opp i Kristiansand. Sofus Arctander var bror hans.

Far hans var tollar i Kristiansand. Sjølv vart han student i 1859 og cand. philol. i 1865. Han var frå 1866 klasselærar ved katedralskulen i Kristiansand, frå 1872 adjunkt i Tromsø og 1875 i same stilling i Larvik. Overlærar ved skulen i Larvik frå 1884. Sidan 1894 var han overlærar ved Christiania katedralskole.

Arctander var i si tid Tromsø medredaktør av Tromsøposten. I Larvik var han medlem av bystyret og ei tid varaordførar. Han representerte Larvik og Sandefjord på Stortinget i periodane 1883-85 og 1892-94. I den fyrste perioden var han medlem av kyrkjekomiteen og Lagtinget. Også 1892-94 hadde han sete i Lagtinget. Elles var han 1892 medlem av budsjettkomiteen og 1893-94 av kyrkjekomiteen.

Arctander døydde i Kristiania i 1901.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]