Nils Gaup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nils Gaup

Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. april 1955 (69 år)
Kautokeino kommune
Yrke filmregissør, manusforfattar, skodespelar, TV-regissør, filmmanuskriptforfatter, regissør
Språk norsk, samiske språk
Nils Gaup på Commons

Nils Gaup (fødd 12. april 1955) er ein norsk-samisk filmregissør fødd i Kautokeino. Han er kjend for suksessfilmen Veiviseren, og i 2007/2008 for filmatiseringa av Kautokeino-opprøret.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Gaup utdanna seg som skodespelar ved Statens Teaterhøgskole, der han tok han eksamen i 1978. Han var mellom anna med på å oppretta det respekterte Beaivvas Sami Teahter, før han fekk gjennombrot som filmskapar med Veiviseren. Filmen blei nominert til Oscarprisen for beste utanlandske film, tente inn over ein halv milliard kroner, og blei ein av det årets mest populære leievideoar i mange land, som England. Suksessen gjorde Gaup så velkjend at han blei tilboden å regissera RoboCop i Hollywood, men han takka nei.

Den neste filmen hans kom i 1990, og var den delvis Disney-finansierte Håkon Håkonsen. Denne blei med sitt budsjett på 60 millionar kroner den til då dyraste skandinaviske filmen nokonsinne, og gjorde det godt også på amerikanske kinoar i dubba versjon. Året etter takka Gaup nei til å regissera dramaet Not Without My Daughter (Ikke uten min datter). Han valde i staden å laga komedie/thrilleren Hodet over vannet (1993) som vann Amandaprisen for beste film.

I Hollywood blei Gaup ein respektert filmskapar som særleg kunne filma i naturen. Hodet over vannet blei spelt inn som ein USA-amerikansk film med Cameron Diaz og Harvey Keitel i hovudrollene. Gaup sjølv blei knytt til moglege Bond-filmar, og blei den som byrja regien av Waterworld med Kevin Costner, men hoppa av ettersom han meinte prosjektet blei for vanskeleg og budsjettet var urealistisk — noko som viste seg å stemma. I staden spelte Gaup inn westernfilmen Tashunga (North Star) med Christopher Lambert og James Caan i Nordmarka. Denne filmen var mykje rimelegare enn Waterworld å produsera, men blei som Waterworld slakta av kritikarane. Gaup har sjølv innrømma at dette er det dårlegaste han har gjort.

Det neste prosjektet til Gaup var å regissera NRK-dramaserien Nini med Irén Reppen. Året etter, i 1999, var han tilbake i filmverda med regien på Misery Harbour, ein samproduksjon mellom Noreg, Canada, Sverige og Danmark. Gaup har sidan vore oppteken av å fullføra ein gammal draum, å filmatisera Kautokeino-opprøret. I 2002 fekk han endeleg klarsignal og førproduksjonen kunne ta til. Filmen vart først vist på TIFF, Tromsø Internasjonale Filmfestival, 16. januar 2008, og hadde noregspremiere den 18. januar.