Noah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Veneziansk mosaikk frå 1100-talet av Noah som sender ut dua frå arken.

Noah, òg skrive Noa på norsk (på hebraisk ‏ נח‎(konsonantane NH), «kvile», og arabisk ‏نوح‎, Nuh) er den siste av patriarkane i Bibelen før Syndfloda, kjend for å ha bygd og sigla i Noahs ark. Noah er ein viktig figur i jødedommen, kristendommen og islam.

Ifølgje kapittel 5-9 i Første Mosebok (Genesis) i Det gamle testamentet i Bibelen var Noah etterkomar i tiande generasjon i direkte linje etter Adam, det første mennesket skapt av Gud.

Bibelen skildrar korleis Gud vil ta livet av alt levande på jorda på grunn av menneska sin vondskap. Berre den fromme Noah og familien hans får sjansen til å redda seg sjølv og fleire dyr gjennom å byggja eit digert skip. Historia finst òg i Sura 71 i den muslimske Koranen. Der er Noah omtalt fleire stadar under namnet Nuh, og han vert rekna som ein muslimsk profet. 

Noah blir rekna blant dei tidlegaste bibelske patriarkane. Metusalem var far til Lamek som fekk sonen Noah då han var 182 år. Noah skal sjølv ha vore 500 år gammal då han fekk sønene Sem, Kam og Jafet. Noah skal ha vore 600-601 år gammal då syndfloden fann stad Då vatnet trekte seg tilbake, inngjekk Gud ei pakt med Noah om at etterkomarane hans skulle bli mange og fylla jorda. Regnbogen skulle vera teikn på pakta. Det blir vidare fortald at Noah etter flaumen planta ein vingard, drakk og blei rusa. Dei ulike reaksjonane til sønene førte til at sonen til Kam, Kanaan, blei fordømt.

Ifølgje slektshistoria i Bibelen er Noah òg den tiande forfaren til Abraham, ein av stamfedrane til israelsfolket.

Noah og forteljinga om syndfloden er nærskyldt med den babylonske soga om Utnapisjtim i den ellevte songen av Gilgamesj-eposet. Han var det einaste mennesket som redda seg med ein farkost då gudane ville utrydda menneskja med ein storflaum.[1][2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Noa» i Store norske leksikon
  2. «Noas ark» i Store norske leksikon

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]