Nokie Edwards

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nokie Edwards
Nole "Nokie" Edwards.JPG
Edwards i 2009 i Nashville ved Chet Atkins Appreciation Society.
Fødd9. mai 1935 (85 år)
FødestadLahoma i Oklahoma
Død12. mars 2018
DødsstadArizona
FødenamnNole Floyd Edwards
OpphavUSA
AktivSidan 1958
SjangerInstrumentalrock, surferock
InstrumentGitar, bassgitar, sitar
Tilknytte artistarThe Ventures
Verka somMusikar

Nole Floyd «Nokie» Edwards (fødd 9. mai 1935) er ein amerikansk musikar og medlem av The Rock and Roll Hall of Fame. Han er hovudsakleg gitarist og mest kjend som medlem av The Ventures.[1] Edwards er òg skodespelar og spelte i mellom anna på Deadwood, eit amerikansk Western-fjernsynsdrama.

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Edwards vart fødd i Lahoma i Oklahoma, som son av cherokee-foreldre. Edwards kom frå ein familie av dugande musikarar, så då han var fem år gammal byrja å spele forskjellige strengeinstrument, som gitar, banjo, mandolin, fiolin og kontrabass. Familien flytta frå Oklahoma til Puyallup i Washington.

Seint i tenåra vart han med i dei amerikanske militære reservestyrkene. Etter å ha reist til Texas og California for opptrening, kom han heim att og byrja å spele i forskjellige countryband i området.

Musikkarriere[endre | endre wikiteksten]

I januar 1958 flytta countryartisten Buck Owens frå California til Tacoma i Washington, som eigar av radiostasjonen KAYE. Før han skipa The Buckaroos med Don Rich, spelte Edwards gitar med Owens i eit nytt band han skipa i området, og spelte òg i husbandet til fjernsynsstasjonen KTNT, som låg i same bygget som KAYE. I 1960 spelte Edwards ein singel «Night Run» med B-sida «Scratch», for Blue Horizon Records med eit band kalla The Marksmen.

The Ventures[endre | endre wikiteksten]

The Ventures er eit instrumentalband skipa i Tacoma i Washington i 1958. Dei originale medlemmane var Don Wilson på rytmegitar, Bob Bogle på sologitar og seinare bass, og trommeslagaren George Babbitt, som sidan vart ei 4-stjerners general i luftvåpenet. Babbitt vart erstatta av Howie Johnson og så av Mel Taylor. Edwards møtte Wilson og Bob Bogle då dei selte på KTNT. Edwards spelte opphavleg bass for The Ventures, men han tok over på sologitar og Bogle byta til bass.[1] The Ventures gav ut ei rekkje bestseljande album fram til 1968, då Edwards slutta i bandet.

Edwards fortsette å turnere i Japan kvart år med The Ventures i seinare år, fram til 2012.

Anna arbeid[endre | endre wikiteksten]

I 1969 starta Edwards ein solokarriere og gav ut fleire album fram til 1972. Han sleit med karrieren i Amerika og vendte attende til The Ventures som sologitarist i 1973. Edwards spelte med bandet fram til 1984, då han igjen slutta for å satse på ein solokarriere i Nashville i Tennessee. Han spelte sologitar for Lefty Frizzell på dei siste innspelingane hans. Seint i 1980-åra kom Edwads nok ein gong attende til The Ventures før han drog attende til Nashville. Gjennom 1990-åra spelte han med fleire countryprosjekt.

Edwards spelte stundom i USA både som soloartist og som medlem i forskjellige band, inkludert AdVenture, Art Greenhaw og The Light Crust Doughboys. Samarbeidet mellom Edwards og artisten og produsenten Greenhaw har ført til fleire album innan forskjellige sjangrar og Edwards vart to gonger nominert til «Grammyprien for beste countryalbum» for 20th Century Gospel (2005) og Southern Meets Soul (2006) .[2]

I 2008 vart Edwards innlemma i The Rock and Roll Hall of Fame i lag med The Ventures. Prisen vart presentert av John Fogerty.

Skodespelarkarriere[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha teke imot eit tilbod om å bli skodespelar, fekk Edwards ei rolle i Deadwood, ein amerikansk dramaserie innan Western-sjangeren. Edwards spelte den mystiske venen til Wild Bill Hickok og ein lokal innbyggjar, som var eit bindeledd mellom skurkane og heltane i serien.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Prown, Pete; Harvey P. Newquist (1997). «3». I Jon F. Eiche. Legends of rock guitar: the essential reference of rock's greatest gitarists. Milwaukee, Wisconsin: Hal Leonard Corporation. s. 22. ISBN 0-7935-4042-9. Henta 27. februar 2018. 
  2. official records, National Academy of Recording Arts & Sciences, 2005-2006

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]