Hopp til innhald

Wild Things!

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wild Things!
Studioalbum av The Ventures
Språk inkje språkleg innhald
Utgjeve 17. september 1966
Innspelt 1966
Sjanger Instrumental rock
Lengd 25:35
Selskap Dolton
Produsent Joe Saraceno
The Ventures-kronologi 
Go with the Ventures
(1966)
Wild Things! Guitar Freakout
(1967)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[1]

Wild Things! er det 23. studioalbumet til The Ventures. Det kom ut på Dolton Records den 17. september 1966 og var det fjerde albumet deira dette året.[2] Eit 4-spors lydband vart så gjeve ut av albumet på Music Tapes, Inc.[3] Album markerer ei tyngre retning enn dei tidlegare Ventures-albuma, og songen «Wild Child» vart sampla på «Start the Commotion» av The Wiseguys.

Det vart spelt in kort tid etter ein turné i det sentrale USA sommaren 1966,[4] og presenterte ein moderne stil på denne tida. Allmusic skriv at albumet har ein konstant «røff tone» på grunn av dei fuzzdrivne Mosrite-gitarane.[1] Albumet opnar med The Troggs-songen «Wild Thing». Songen inneheld «vokal» av Don Wilson, som etterliknar Peter Lorre med ein komisk opplesing av teksten.[4] Det neste sporet «Fuzzy and Wild», er den første av dei originale instrumentalane, som alle inneheld ordet «wild» i tittelen.[4] «Wild and Wooly» var ikkje ein original Ventures-song, men vart opphavleg kalla «Murfreesboro» av låtskrivaren, Danny Hamilton.[4]

Wild Things! gjekk inn på Top Albums-lista i september 1966. Han vart verande på lista i 26 veker i alt, med ein 33. plass som høgaste plassering.[5] Allmusic er forholdsvis positive til albumet, men meiner det ikkje er like bra som tidlegare Ventures-album.[1]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Wild Thing»Chip Taylor2:13
2.«Fuzzy and Wild»Bob Bogle, Nokie Edwards, Mel Taylor, Don Wilson2:25
3.«Sweet Pea»Tommy Roe1:55
4.«Wild and Wooly»Danny Hamilton2:11
5.«Wild Child»Bogle, Edwards, Taylor, Wilson2:09
6.«Summer in the City»John Sebastian, Mark Sebastian, Steve Boone2:22
Total lengd25:35
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«The Pied Piper»Artie Kornfeld, Steve Duboff1:55
8.«Wild Trip»Bogle, Edwards, Taylor, Wilson2:05
9.«Hanky Panky»Jeff Barry, Ellie Greenwich2:00
10.«Wildcat»Bogle, Edwards, Taylor, Wilson2:08
11.«How Now Wild Cow»Bogle, Edwards, Taylor, Wilson2:06
12.«The Work Song»Nat Adderley, Oscar Brown Jr.2:06

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1 2 3 Stephen, Cook. Wild Things!Allmusic
  2. «Top LP's». Billboard. November 19, 1966. s. 50.
  3. «Releases by Music Tape». Billboard. December 24, 1966. s. 12.
  4. 1 2 3 4 Halterman, Del (2009). Walk-Don't Run – The Story of the Ventures. Lulu.com. s. 141. ISBN 9780557040513.
  5. The Billboard Albums, 6th edn. Joel Whitburn. 2006. Record Research Inc. p. 1101. ISBN 0-89820-166-7.