Nordmøring
- Denne artikkelen handlar om språkforma nordmøring. For folk frå Nordmøre, sjå Nordmøringar.
Nordmøring, òg kalla nordmørsdialekt, nordmørsmål og nordmørsk, er den tradisjonelle språkforma av norsk som blir tala på Nordmøre, på Eidsøra i Nesset kommune i Romsdalen og i Hemne kommune i Sør-Trøndelag. Nordmørsdialekten, som saman med fosendialekten og ytre namdalsmål blir klassifisert under den uttrøndske gruppa av trøndske målføre, har tjukk l i ord med historisk L, kløyvd infinitiv, jamvekt med varierande grad av vokaljamning, ein del apokope, ulik bøying av sterke og svake hokjønnsord, ein del palatalisering i trykktung og (oftast) trykklett staving, kjønnsdelde adjektiv, og dativ (ikkje i bymål, berre i eldre mål på Smøla og i Hemne, og på vikande front elles òg blant dei som er fødde etter 1970). Trekk som varierer mykje mellom dei ulike underdialektane på Nordmøre er tjukk l av historisk rð (berre ytre Nordmøre), monoftongisering i innlyd (ikkje sunndalsdialekt, sunndalsøramål, kristiansundsdialekt og hemnværing), handsaming av korte trykksterke stavingar (delvis bevarte som kortstavingar i eldre mål frå Eidsøra til innersida av Tustna og i Rindalen; stort sett lengjing av konsonanten dei fleste stadene; og mest lengjing av vokalen i sunndalsdialekten).
Viktige underdialektar
[endre | endre wikiteksten]- Kristiansundsdialekt — eit typisk bymål med sterke trekk frå fosenmålet. Dativ manglar, diftongane ei/øy/au er i all hovudsak bevarte; svake hokjønnsord har -a i bunden form eintal.
- Sunndalsøramål (øramål)
- Sunndaling (sunndalsdialekt, sunndalsmål)
- Surnadaling (surnadalsdialekt, surnadalsmål)
- Rindaling (rindalsdialekt, rindalsmål) — dannar ein overgang til inntrøndsk. Svake hokjønnsord har -a i bunden form eintal.
- Tustning (tustnadialekt, tustnamål)
- Aurgjelding (auredialekt, auremål)
- Hemnværing (hemnedialekt, hemnemål)
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Grip, Olav: Målet i Aure. Hovudoppgåve, Universitetet i Oslo, 1946. [1][daud lenkje]
- Jenstad, Tor Erik: Sunndalsmålet : bygde- og sentrumsmål : med hovedvekt på lyd- og formverk. Hovudoppgåve i nordisk - Universitetet i Trondheim, 1982 II. (314 bl. : kart.) [2][daud lenkje]
- Jenstad, Tor Erik: Eit nytt sentrumsmål veks fram : drag frå talemålet til ungdom på Sunndalsøra. (Skrifter / Nordisk institutt, Universitetet i Trondheim ; 5.) Trondheim (Tapir), 1983. (112 s.; bibliografi) ISBN 82-519-0588-5 [3][daud lenkje]
- Jenstad, Tor Erik: Sunndalsmålet : eit grensemål på indre Nordmøre. (Norske studiar ; 4) Oslo (Novus), 1985. (308 s.) ISBN 82-7099-110-4 [4][daud lenkje]
- Moe, Eilert: Ei lita utgreiding um stavingsdeling i Rindalsmaale : serleg um deling paa vokal. (Kristiania Videnskapselskaps Forhandlinger ; 1914:2.) Kristiania (Dybwad), 1915. (43 s.) [5][daud lenkje]
- Moe, Eilert: Tonelagstilhøve i rindalsk : med umtale av nokre eksperimentale freistnader på Det fonetiske institutt. (Kristiania Videnskapsselskaps Forhandlinger ; 1922:1 Opuscula phonetica Instituti phonetici Universitatis Regiae Fredericianae ; 1.) Kristiania (Dybwad), 1923. (67 s. : ill.) [6][daud lenkje]
- Moe, Eilert: Todalsmålet (Nordmøre) / ved Eilert Mo. (Norske målføre ; 6.) Oslo (Studentmållaget), 1922. (35 s.) [7][daud lenkje]
- Tranøy, Betuel Sofus: Fra syntaksen i Smølamålet [manuskript]. Hovudoppgåve - Det Kongelige Frederiks universitet, 1925. [8][daud lenkje]