Nye Vegar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Nye Veier AS/Nye Vegar AS, er eit norsk statsaksjeselskap stifta 4. mai 2015.[1] Selskapet overtok frå 1. januar 2016 ansvaret for utbygging og drift av visse motorvegar frå Statens vegvesen. Selskapet er etablert som ein byggherreorganisasjon og skal i første omgang ha ansvar for å byggja ut Europaveg 39 mellom Kristiansand og Ålgård, Europaveg 18 og Europaveg 6 i Trøndelag og Mjøsregionen.[2]

Samferdsledepartementet forvaltar eigarinteressene til staten, og samferdsleministeren er generalforsamlinga til selskapet.

Styreleiar er Rolf G. Roverud og øvrige styremedlemmar er Dag Morten Dalen, Eli Giske, Siri B. Hatlen og Harald V. Nikolaisen.[3] Hovudkontoret er lagt til Kristiansand.[4][5][6]

Skriveform[endre | endre wikiteksten]

Kort tid etter lanseringa av Nye Veier vart namnevalet kritisert frå Noregs Mållag,[7] sidan skriveforma vei er bokmål/riksmål, medan «veg» er tillate både på bokmål og nynorsk. For å stagga denne kritikken har følgjeleg det offisielle namnet fått eit tillegg i Nye Vegar, som er nynorsk for Nye Veier.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. «Nøkkelopplysninger fra Enhetsregisteret - Brønnøysundregistrene». w2.brreg.no (norsk). 
  2. «Velkommen - Nye Veier AS». Nye Veier AS (bokmål). 
  3. «Rolf G. Roverud styreleder i regjeringens nye veiselskap». Regjeringen.no (norsk). 4. mai 2015. 
  4. «Nye veier AS lokaliseres i Kristiansandsregionen». Regjeringen.no (norsk). 27. juni 2015. 
  5. «Kristiansand kommune - Feiret at Kristiansand får veiselskapet». www.kristiansand.kommune.no. 
  6. «Nye Veier AS har flyttet inn i sitt nye hovedkontor i Kristiansand - Nye Veier AS». Nye Veier AS (bokmål). 16. november 2015. Arkivert frå originalen 2016-03-05. Henta 5. februar 2018. 
  7. ”Nye vegar” byrd ikkje byggjast på bokmål åleine
  8. «Nye Veier AS/Nye Vegar AS». Regjeringen.no (norsk). 21. mai 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]