Samfunnsøkonomi
Utsjånad
(Omdirigert frå Nasjonaløkonomi)
Samfunnsøkonomi (òg kalla sosialøkonomi, statsøkonomi, nasjonaløkonomi eller politisk økonomi) er ein vitskap som studerer hushald med knappe ressursar. Utgangspunktet er at alle typar behov ikkje kan tilfredsstillast ved hjelp av tilgjengelege ressursar og at det derfor er nødvendig å velje.
Samfunnsøkonomi dreiar seg om samfunnsorganisering, produksjon, forbruk og fordeling.
Dei ulike greinene er mikroøkonomi, der enkeltaktørar såvel på produksjonssida som konsumpsjons-sida blir studert, og makroøkonomi, der ein økonomi som heilskap blir studert, med fokus på produksjon, arbeidsløyse og inflasjon. Dessutan har ein internasjonal økonomi som eit tredje område, der handel og kapitalflyt mellom landa blir studert.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Nationalekonomi» frå Wikipedia på svensk, den 10. mars 2009.