Kjell Bondevik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kjell Bondevik
Fødd 11. mars 1901
Død 21. desember 1983

Kjell Olsson Bondevik (11. mars 190122. desember 1983) var ein norsk Kristeleg Folkeparti-politikar og folklorist fødd i Leikanger. Bondevik vaks opp i Sogndal.

Bondevik var lærar ved Oslo Kristelige gymnas 1927-1931, stipendiat 1931-1933, lektor i Haugesund 1933-1937, rektor ved Sauda gymnas frå 1937, dosent i folkeminne-vitskap og folkelivsgransking ved Universitetet i Bergen.

Bondevik var stortingsmann for Rogaland fylke 1950-1965, Kristeleg Folkeparti sin nestformann 1955-61 og parlamentarisk leiar 1961-65.

Vidare var han sosialminister i John Lyng si regjering i 1963, og kyrkje- og undervisingsminister i Per Borten si regjering 1965-71.

Etter at Borten si regjering gjekk av den 2. mars 1971 på grunn av «lekkasjesaka» om EF, fekk Bondevik, etter at Høgres John Lyng var vorten uaktuell som statsministerkandidat, den 6. mars i oppdrag å danna ei ny firepartiregjering. Dei samarbeidande partia skulle vera Høgre, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre. Forhandlingane tok til måndag den 8. mars.

Då han allereie neste kveld den 9. mars måtte gje opp, kom han på direktesendt fjernsyn med denne klassiske uttala:

«Eg er djupt såra og vonbroten over at Senterpartiet, som gjekk sterkt inn for å få meg til å prøva å skipa ei ny regjering, mot mitt personlege ynskje, ikkje sa greitt ifrå om sitt standpunkt. Særleg er det leitt at Senterpartiet gav dei andre partia grunn til ein optimisme som det viste seg ikkje å vera grunnlag for.
Alle representantane frå dei andre partia rekna med at det var skapt eit akseptabelt grunnlag som alle burde kunne ha stått på, men det viste seg altså ikkje å vera tilfelle.
Når eg tenkjer på alle dei sakene som samarbeidsregjeringa har gjennomført i dei siste fem åra, og nye - som ein kunne ha fått gjennomført - gjev eg uttrykk for djup sorg over det som no har hendt.»

I ettertid har «djupt såra og vonbroten» vorte eit populært uttrykk, som vert nytta av både nynorsk- og bokmålsfolk.

Kjell Bondevik var onkel (farbror) til Kjell Magne Bondevik.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1938 – Karmsund mållag i 25 år (Haugesund)
  • 1950 – Jordbruket i norsk folketru : ei jamførande gransking. 2. Langtidsvarsel (Oslo: Norsk folkeminnelag) Tilgjengeleg på bokhylla.no
  • 1958 – Kristelig Folkeparti 1933-1958 (Oslo)  [Formann i skriftnemnda]
  • 1977 – Jordbruket i norsk folketru : ei jamførande gransking. 3. Vårtidi og sumaren (Oslo: Noreg Boklag) Tilgjengeleg på bokhylla.no

I bøker - eit utval[endre | endre wikiteksten]

  • 1937 – Folkedikting (Bergen: Grieg)  [I: Norske bygder. Bind 4. Sogn, s. 141-158]
  • 1938 – Høgtider i Noreg og på Island (Oslo: Aschehoug)  [I: Nordisk kultur. XXII, s. 89-112]
  • 1939 – Korleis kan ei tru verta til (Bergen)  [I: Heidersskrift til Gustav Indrebø, s. 101-112]
  • 1940 – Gard og grend (Oslo: Aschehoug)  [I: Norsk kulturhistorie. IV, s. 75-127]
  • 1975 – Truer og førestellingar i stadnamn (Oslo: Grøndahl)  [I: Norske stedsnavn/stadnamn, s. 132-144]

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnstoff[endre | endre wikiteksten]