Ogham

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ogham
᚛ᚑᚌᚐᚋ᚜
Ogham Stone Rathass Church Tralee Kerry.jpg
TypeAlfabet
Periodeca. 300- til 900-talet
SpråkPrimitivt irsk;
gammalirsk
UnicodeU+1680–U+169F
ISO 15924Ogam


Ogham er eit alfabet utvikla i Irland i tidleg mellomalder. Ogham var eit system av stripar og punkt rista i kanten på ein loddrett stein, og blei normalt lese nedanfrå og opp. Seinare blei skrifta også brukt til margnotat i handskriftverk.

Dei fleste ogham-inskripsjonane er frå 400- og 500-talet og er funne i Sør-Irland og Wales, tillegg til nokre i Skottland og Cornwall. Det er lite truleg at ogham er ei sjølvstendig oppfinning, meir sannsynleg er det tufta på det latinske alfabetet.

Bokstavar[endre | endre wikiteksten]

Dei tjue standardbokstavane i ogham-alfabetet og fem forfedaer. Boksen til venstre viser konsonantane, medanboksen til høgre viser vokalane (ikkje IPA). Bokstaven merka IA (Ifín) hadde tidlegare verdien p. Ein annan (sekundær) p-bokstav er vist som den 26. bokstaven (peith). Dette er den loddrette måten å skriva ogham på. I den vassrette forma ville høgre sida ha vend ned.

Bokstavnamn[endre | endre wikiteksten]

fol. 170r frå Book of Ballymote (1390), òg kalla Auraicept na n-Éces som forklarar ogham.
ogam airenach detalj frå sida over.

Bokstavnamna er tolka som namn på tre og buskar i manuskripttradisjonar, både i Auraicept na n-Éces ('The Scholars' Primer') og In Lebor Ogaim ('The Ogam Tract'). Auraicept gjev ein kort frase eller kenning for kvar bokstav, kjend som ein Bríatharogam, som tradisjonelt høyrde til kvart bokstavnamn, og ei vidare forklaring av tydinga og kva plante som var knytt til kvar bokstav. Berre fem av dei tjue primærbokstavane har trenamn som forfattaren av Auraicept meinte ikkje trong forklaring - beith (bjørk), fearn (or), saille (selje), duir (eik) og coll (hassel). Alle andre namn blei forklarte.

  • Beith, gammalirsk Beithe tyder 'bjørk', kognat med mellomwalisisk bedw. Latinsk betula er rekna som eit lån frå den galliske kognaten.
  • Luis, gammalirsk Luis er anten knytt til luise, 'flamme' eller lus, 'urt'. Tretradisjonen har caertheand, 'rogn'.
  • Fearn, gammalirsk Fern tyder 'or', primitivt irsk *wernā, slik at den opphavlege lydverdien for bokstaven var [w].
  • Sail, gammalirsk Sail tyder 'selje', kognat med latinsk salix.
  • Nion, gammalirsk Nin tyder anten 'gaffel' eller 'loft'. Tretradisjonen har uinnius 'ask'.
  • Uath, gammalirsk Úath tyder úath 'frykt', tretradisjonen har 'parkhagtorn'.
  • Dair, gammalirsk Dair tyder 'eik' (PIE *doru-).
  • Tinne, gammalirsk Tinne, tyder ut frå kenningane 'metalstykke, barre'. Tretradisjonen har cuileand, 'kristtorn'.
  • Coll, gammalirsk Coll tyder 'hassel', kognat til walisisk collen, forklart som cainfidh 'fair-wood' ('hassel') i tretradisjonen. Latinsk corulus eller corylus er ein kognat.
  • Ceirt, gammalirsk Cert er kognat til walisisk perth 'busk', latinsk quercus 'eik' (PIE *perkwos). Det blei forveksla med gammalirsk ceirt 'fille', noko som er reflektert i kenningane. I Auraicept er han forklart som aball, 'eple'.
  • Muin, gammalirsk Muin. Kenningane knytter dette namnet til tre ulike ord: Muin, 'hals, nakke', muin, 'knep' og muin, 'kjærleik, esteem'. Tretradisjonen har finemhain, 'ranke'.
  • Gort, gammalirsk Gort tyder 'åker, eng' (kognat til engelsk garden). Tretradisjonen har edind, 'eføy'.
  • nGéadal, gammalirsk Gétal, har ut frå kenningane tyding 'drap', kanskje kognat til gonid, 'drep', frå protoindoeuropeisk gwen-. Lydverdien av bokstaven på primitivt irsk var ein stemd labiovelar, [ɡʷ]. Tretradisjonen har cilcach, 'gyvel' eller 'bregne'.
  • Straif, gammalirsk Straiph tyder 'svovel'. Tretradisjonen har draighin 'slåpetorn'.
  • Ruis, gammalirsk Ruis tyder 'raud' eller 'raudheit', forklart som trom 'svarthyll'.
  • Ailm, gammalirsk Ailm har usikker tyding, kanskje 'furu'. Auraicept har crand giuis .i. ochtach, 'gran' eller 'furu'.
  • Onn, gammalirsk Onn tyder 'ask', men Auraicept forklarer det med aiten 'gulltorn'.
  • Úr, gammalirsk Úr, tyder ut frå kenningane 'jord'. Auraicept forklarer det som fraech 'lyng'.
  • Eadhadh, gammalirsk Edad av ukjend tyding. Auraicept forklarer det som crand fir no crithach 'test-tre eller osp'
  • Iodhadh, gammalirsk Idad har ukjend tyding, men er truleg ei form av ibhar, 'barlind', som er tydinga gjeven i tretradisjonen.

Av forfeda er fire forklart i Auraicept:

  • Eabhadh, gammalirsk Ebhadh med crithach, 'osp';
  • Ór, 'gold' (frå latin aurum); tretradisjonen har feorus no edind, 'spindle tree or ivy'
  • Uilleann, gammalirsk Uilleand 'alboge'; tretradisjonen har edleand 'vivendel'
  • Pín, later Ifín, gammalirsk Iphin med spinan no ispin, 'stikkelsbær eller torn'.

Den femte bokstaven er Emancholl som tyder 'tvilling av hassel'.

Ogham i Unicode[endre | endre wikiteksten]

Ogham-alfabetet ligg i området U+1680–U+169F i Unicode ( versjon 4.1). Namna på bokstavane er dei som er i bruk i Unicode.

U+1680   OGHAM SPACE MARK
U+1681 ᚁ OGHAM LETTER BEITH
U+1682 ᚂ OGHAM LETTER LUIS
U+1683 ᚃ OGHAM LETTER FEARN
U+1684 ᚄ OGHAM LETTER SAIL
U+1685 ᚅ OGHAM LETTER NION
U+1686 ᚆ OGHAM LETTER UATH
U+1687 ᚇ OGHAM LETTER DAIR
U+1688 ᚈ OGHAM LETTER TINNE
U+1689 ᚉ OGHAM LETTER COLL
U+168A ᚊ OGHAM LETTER CEIRT
U+168B ᚋ OGHAM LETTER MUIN
U+168C ᚌ OGHAM LETTER GORT
U+168D ᚍ OGHAM LETTER NGEADAL
U+168E ᚎ OGHAM LETTER STRAIF
U+168F ᚏ OGHAM LETTER RUIS
U+1690 ᚐ OGHAM LETTER AILM
U+1691 ᚑ OGHAM LETTER ONN
U+1692 ᚒ OGHAM LETTER UR
U+1693 ᚓ OGHAM LETTER EADHADH
U+1694 ᚔ OGHAM LETTER IODHADH
U+1695 ᚕ OGHAM LETTER EABHADH
U+1696 ᚖ OGHAM LETTER OR
U+1697 ᚗ OGHAM LETTER UILLEANN
U+1698 ᚘ OGHAM LETTER IFIN
U+1699 ᚙ OGHAM LETTER EAMHANCHOLL
U+169A ᚚ OGHAM LETTER PEITH
U+169B ᚛ OGHAM FEATHER MARK (markerer starten av tekst)
U+169C ᚜ OGHAM REVERSED FEATHER MARK (markerer slutten av tekst)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Ó Murchú, Máirtin: The Irish Language. Dublin 1985.