Hopp til innhald

Pusjtsjino

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pusjtsjino
Пущино
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Moskva oblast
Areal 1 823 km²
Folketal 10 100 (1970)[1]
Grunnlagd 1961
   Bystatus 1966
Postnummer 142290
Retningsnummer +7 4967
Bilnummer 50, 90, 150
Kart
Pusjtsjino
54°50′00″N 37°37′00″E / 54.833333333333°N 37.616666666667°E / 54.833333333333; 37.616666666667
Wikimedia Commons: Pushchino

Pusjtsjino (russisk Пу́щино) er ein by i Moskva oblast i Russland med om lag 20 000 innbyggjarar. Han ligg 120 km sør for Moskva. Sidan namnet kan forvekslast med andre byar med liknande namn vert han uformelt kalla Pusjtsjino-na-Oka.

Pusjtsjino

Byen er eit akademisk forskingssenter som fokuserer på mikrobiologi. Av forskingsinstitutta i vitskapssenteret finn ein:

  • Institutt for proteinforsking
  • Pusjtsjino radioastronomi-observatorium
  • Institutt for matematiske problem i biologi
  • Institutt for cellebiofysikk
  • Institutt for teoretisk og eksperimentell biofysikk
  • Institutt for grunnleggende biologiske problem
  • Institutt for biokjemi og mikroorganisme-fysiologi
  • Pusjtsjino Statsuniversitet og ei avdeling av Moskva Statsuniversitet

Pusjtsjino ligg på høgre breidda av elva Oka, vis-a-vis Prioksko-Terrasny biosfærereservat.

Pusjtsjino har eksistert sidan 1500-talet som eit familiegods, etter at landet vart tildelt Pusjtsjin-familien rundt 1500. Området vart i 1956 vald som stad for eit vitskapleg forskingssenter for Det russiske vitskapsakademiet. Pusjtsjino fekk bystatus i 1966.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Pusjtsjino