Oksitania

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart over Oksitania. Området der oksitansk språk er i bruk er markert med mørkast farge.

Oksitania (oksitansk Occitània) er eit område i Europa der det blir snakka oksitansk. Han omfattar delar av Frankrike, Spania og Italia, og har gjeve opphav til namnet på den franske regionen Occitanie.

Namnet på området og språket er første gong påvist brukt i latinske tekster frå 1290. Etymologisk er namnet avleidd frå langue d'òc, som i si italienske form, lingua d'òc, blei skildra av Dante seint på 1200-talet. Han skilde romanske språk i tre grupper etter måten ein uttala ordet «ja» på: langue d'oïl (fransk), langue d'òc (oksitansk) og langue de si (italiensk). Både «Oksitania» og «langue d'òc» kjem frå det oksitanske ordet for «ja», òc (som i sin tur kjem frå latin hoc, 'dette', brukt i samansetjingar som hoc est, 'slik er det').[1]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Oksitania strekkjer seg over delar av Frankrike, Spania og Italia.

Språk[endre | endre wikiteksten]

Oksitansk er eit romansk språk i slekt med blant andre spansk, fransk og italiensk. Det finst i hovudsak seks dialektvariantar. Standardoksitansk er ein syntese av desse seks. Katalansk minner mykje om oksitansk. Det finst sterke historiske og kulturelle band mellom desse språkgruppene.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Folk i oksitanske klede i Piégut.

Oksitania var fleire gonger politisk sameint i tidleg mellomalder under vestgotarane og overhøgda til fleire av merovingarane og karolingarane. Delinga av riket til Karl den store, i 805 og seinare, gav Oksitania ulike grevskap, hertugdøme, kongerike og kirkestyrte statsdanningar. Frå 800-talet til 1200-talet var det stadig rivalisering mellom hertugane av Aquitaine, grevane av Foix, grevane av Toulouse og kongane av Aragon om kontrollen over landområda og dei forskansa bysamfunna.

Kulturelt var det likevel eit einskapleg område. Skrivne tekster på oksitansk finst att frå så tidleg som 800-talet, og blei i mellomalderen brukt til jus, skjønnlitteratur, vitskap og religion. Oksitansk litteratur hadde ei blømingstid og danna mønster for kunstnarisk utfalding ved hoffa over heile Europa. På 1200-talet voks det fram ei trubadurdikting i Oksitania. Trubadurane fann opp kurtisen (fin'amor).

Frå 1200- til 1600-talet fekk dei franske kongane gradvis kontroll over Oksitania, nokre gonger ved krig og erobring, andre gonger ved anneksjon og politisk intrige. Frå slutten av 1400-talet byrja adelen og borgarskapet å læra seg fransk, medan lekfolk framleis snakka oksitansk. I 1539 gav Frans I ordre om at fransk skulle vera einaste administrasjonsspråk.

Under den franske revolusjonen i 1789 prøvde nokre komitear å gjeninnføra eit regionalt sjølvstyre i Sør-Frankrike. Dei brukte oksitansk språk. Forsøka blei raskt nøytraliserte av jakobinarane. Frå 1881 av fekk skuleborn straff for å snakka oksitansk.

Den oksitanske forfattaren Frédéric Mistral vann nobelprisen i litteratur i 1904. I spissen for Félibrige-rørsla stod han for ein språkleg og kulturell renessanse på 1900-talet.

Oksitansk identitet[endre | endre wikiteksten]

Det oksitanske flagget; eit flagg som blir nytta av den oksitanske rørsla
Demonstrasjon for Oksitania.

Det bur mellom 14 og 15 millionar innbyggjarar i Oksitania. Folketeljinga i 1999 viste at 610 000 hadde oksitansk som førstespråk, og endå nokre millionar snakka språket.

Sidan 1900-talet har det vore politiske rørsler som arbeider for eit samla Oksitania, men i valsamanheng er gruppene forsvinnande små.

Det oksitanske flagget er henta frå byvåpenet til Toulouse. Sjølvstenderørsla har sett til ei åttetagga stjerne, der taggane viser til ei inndeling i åtte område.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "Oksitania", Store norske leksikon
  2. «Occitan et catalan». Arkivert frå originalen 2013-11-10. Henta 27. september 2014. 
  3. «La minoranza linguistica occitana». Arkivert frå originalen 2015-08-22. Henta 27. september 2014. 
  4. Ua lenga oficiau