Oktav i liturgi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Oktav i kristen liturgisk samanheng er ein periode på åtte dagar som følgjer ein viktig festdag i kyrkjeåret. Namnet kjem frå latin octava dies, 'den åttande dagen', og viser til den siste dagen i perioden. I utgangspunktet var det berre den åttande dagen som vart spesielt markert. Etterkvart kunne «oktav» også visa til heile åttedagarsperioden.[1]

Det er berre i Den katolske kyrkja og Den ortodokse kyrkja at ein formelt feirar oktavar, men ein kan finna spor av dei òg i kalendrane til andre kyrkjesamfunn. Det kyrkjelege namnet på nyttårsdagen (1. januar) var octava nativitatis Domini (åttandedagen for Herrens fødsel).[2]

Praksisen var truleg inspirert av den jødiske skikken med å feira tabernakelfesten og dedikasjonsfesten for tempelet i åtte dagar. I kristen samanheng blei oktavar innførte på Konstantin den store si tid, då ein utvida feiringane av dedikasjonane av basilikaeie i Jerusalem og Tyr til åttedagarsperiodar.

Noko seinare innførte ein oktavar i samband med påske, pinse og i austkyrka for epifani. På 600-talet blei det òg innført oktavar for nokre viktige helgenfeste, som Peter og Paulus og Laurentius.

På 1100-talet byrja ein i vestkyrkja å ha spesielle feiringar også på dagane mellom hovudfesten og oktavdagene. Desse blei dermed òg rekna som heilagdagar. I løpet av mellomalderen auka talet på oktavar kraftig, men ved reformene av breviaret under pave Pius V og pave Pius X blei dei igjen reduserte.

23. mars 1955 utskreiv Kongregasjonen for ritane eit dekret der Den katolske kyrkje avskaffa alle oktavar bortsett frå dei for jul, påske og pinse. Pinseoktaven blei så avskaffa ved kalenderreforma i 1969, slik at det i dag berre står att to.

I Noreg blei olsok òg delvis feira med ein oktav, men denne fekk konkurranse frå ein tredje Olavsfest, nemleg translasjonsdagen (= minnedagen) som vart feira sjette dag etter Olsok, altså 3. august.[2]

I Bergen universitetsbibliotek har ein eit fragment av eit kalendarium som omfattar delar av kalenderen for mai og juni. Ein har ikkje kunna datera fragmentet sikkert, men har likevel festa seg ved at ein notis i kalenderen oppgjev at ein 7. mai skulle feira oktaven for St. Erchenbald, som var biskop i London frå 675 og døydde 30. april 693. Sidan biskop Erchenbald var heilt ukjend i Noreg, må ein gå ut frå at kalenderfragmentet har engelsk opphav. I 1146 kom ei gruppe engelske munker til landet for å grunnlegga Lyse kloster – eit årstal som kan stemma med skrift og utstyr på fragmentet. Dessutan er det kjent at dyrkinga av St. Erchenbald auka i denne tida, etter at grava hans i St. Pauls katedral blei restaurert i 1140, og 14. november 1148 blei det fastlagt ein ny translasjonsdag for han, i tillegg til dødsdagen.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Oxford Dictionary of the Christian Church (Oxford University Press 2005 ISBN 978-0-19-280290-3), article Octave
  2. 2,0 2,1 2,2 Mattias Tveitane: «Et kalenderfragment», Bergens Tidende, 26. april 1975.