Olaf Isaachsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Olaf Isaachsen
Isaachsen-Selfportrait.jpg
Fødd 16. mai 1835
Mandal
Død

22. september 1893

Sjanger portrett
Yrke kunstmålar

Olaf Wilhelm Isaachsen (16. mai 183522. september 1893) var ein norsk målar frå Mandal. Han vart kjend for sine røyndomsnære, livaktige folkelivsbilete og sine landskapsstudiar i klare fargetonar.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Ung pike i Setesdalsbunad, 1878
Tore Hund ved Olav den helliges lik, 1881

Isaachsen var son til ein sorenskrivar og soneson til kjøpmannen Isaach Isaachsen. Han bestemte seg for å verte målar då han gjekk på Nissens Latin- og Realskole i Kristiania, oppmuntra av kusina Hedvig Erichsen som sjølv var målar. Frå han var 15 år gammal gjekk han i lære på Teikneskulen i hovudstaden, elev av Joachim Frich og Johannes Flintoe.

I 1854 reiste Isaachsen til Düsseldorf for å studere ved kunstakademiet i byen. Han fekk den utflytta mandalitten Adolph Tidemand til lærar, og vart mykje påverka av han. I 1859 reiste Isaachsen vidare til Paris for å studere under Thomas Couture og sidan eitt år hos realisten Gustave Courbet. Her vart han verande til 1862, stilen hans endra seg mykje under opphaldet i Frankrike.

Etter tida i Paris laga Isaachsen måleri som vart rekna til stilretninga realisme. Han heldt til i Setesdal 1864-66, her måla han i 1866 Setesdalsstue, Kveste i Valle. På 1870-talet var han på ny utanlands og tok inntrykk frå den franske impresjonismen. Arbeida vart meir fargerike og fantasifulle.

Isaachsen er representert med over 20 måleri i Nasjonalmuséet i Oslo. Mellom hans mest kjende verk er Setesdalsloft frå 1878, Syrinbusk i Morgensol og Tore Hund ved Olav den helliges lik, begge dei siste frå 1881.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Store norske leksikon.