Olav J. Myklebust

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Olav J. Myklebust
Fødd20. juni 1868
Død3. oktober 1938
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar

Olav Jensson Myklebust (20. juni 18683. oktober 1938) var ein gardbrukar og stortingsmann frå Kvinnherad. Han representerte VenstreStortinget frå 1913 til han døydde i 1938.

Myklebust var son til ein gardbrukar, han voks opp på garden Røysland til 1881. Familien flytta då til odelsgarden på Myklebust. Vintrane 1883/84 og 1884/85 gjekk han i privatskule på Rosendal i Kvinnherad. I 1898 overtok han farsgarden og dreiv denne i fleire tiår. Frå 1904 var han medlem av heradsstyret, varaordførar 1910-13.

Valperiodane mellom 1913 og -21 representerte Myklebust Indre Sunnhordland krins på Stortinget. Fyrste treårsperioden var han medlem av næringskomite nr 2, i dei to neste treårsperiodane nestformann i same. Frå 1922 til han døydde representerte han Hordaland fylke. Tida 1922-30 var han formann i næringskomite nr 2, deretter formann i helsekomiteen til han døydde.

Myklebust var president i Lagtinget 1931-36 og varapresident i Stortinget 1937-38. Elles var han med i ulike spesialkomitear på Stortinget, mellom anna i leiande posisjonar i fullmaktskomiteen. Han var også med i fleire offentlege utval; formann i Tuberkulosenemndi av 1923.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]