Olav V's gate

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°54′48.809″N 10°43′57.252″E

Olav V's gate fotografert mot nord

Olav V's gate (med apostrof og s etter V) er ei nord-sørgåande gate i Oslo sentrum, frå Stortingsgata ved Nationaltheatret T-bane- og jarnbanestasjon og ned til Kronprinsesse Märtas plass på vestsida av Rådhuset. Gata har fått namnet i 1992 etter kong Olav V, men vart bygd som fylgje av saneringa av det gamle bystroket Pipervika, og hadde frå 1930 namnet Roald Amundsens gate. Då gata vart namna om til Olav V's gate i 1992, vart namnet Roald Amundsens gate gjeve til den strekninga av Universitetsgata som låg sør for Karl Johans gate, og som hadde vorte opparbeidd i samband med rådhusreguleringa i 1930-åra.

Langsetter Olav V's gate, men med adresse til andre gater, ligg mellom anna restaurantar i bygningen tilhøyrande Hotel Continental, kinoane Saga og Klingenberg og revyteateret Chat Noir.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]