Ole G. Hovi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole G. Hovi
Fødd 23. mars 1862
Lomen
Død

13. desember 1931

Yrke politikar, sorenskrivar

Ole Gudbrandsson Hovi (23. mars 186213. desember 1931) var ein norsk jurist og politikar frå Lomen i Vestre Slidre i Oppland. Han var stortingsmann 1913-15.

Hovi var son til ein gardbrukar. Sjølv gjekk han skulevegen og vart student frå Hauges Minde i Kristiania i 1883. Etter å ha teke cand.jur.-eksamen i 1889, var han han åra 1890-93 fullmektig hos sorenskrivaren i Mid-Gudbrandsdal og Valdres. Sidan var han overrettssakførar i Nord-Aurdal til han i 1913 fekk stillinga som sorenskrivar i Nordre Helgeland. Frå 1919 var han sorenskrivar i Voss, busett på Vossevangen.

Hovi var ei tid formann i Valdres krins-venstreforeining og representerte valbolken 1913-15 einmannskrinsen Valdres på Stortinget, vald for Arbeiderdemokratene. På Tinget var han medlem i Justiskomite nr 2 og av Lagtinget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]