Omar Hakim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Omar Hakim
Fødd 12. februar 1959
New York City, New York
Instrument trommer
Sjanger Jazz, jazz-fusion, pop
Aktive år 1980 til i dag
Yrke Musikar
Tilknytte artistar Weather Report

Omar Hakim (fødd 12. februar 1959) er ein amerikansk trommeslagar.

Hakim slo igjennom då han spelte trommer for jazzvibrafonisten Mike Mainieri i 1980. Han spelte då i ein video med Mainieri kalla The Jazz Life og byrja å arbeide med songaren Carly Simon via Mainieri. Hakim vart først kjend som medlem av Weather Report og så i Sting sitt Blue Turtles-band, der han spelte i filmen Bring On the Night.

I 1984 spelte Hakim på det meste av Dire Straits-albumet Brothers in Arms, då den førre trommeslagaren Terry Williams ikkje hadde den spelestilen dei ønskte, etter at dei fleste songane var ferdig innspelt. Hakim spelte inn alle trommespora på albumet i løpet av to dagar. Williams var derimot tilbake i Dire Straits for turneen.

Mellom 1988 og 1989 spelte Hakim fast i husbandet i The Sunday Night BandSunday NightNBC.[1]

Hakim har òg spelt med andre artistar som Anita Baker, Sting, Weather Report, Mariah Carey, Madonna, David Bowie, Miles Davis, Chic, Aziza Mustafa Zadeh, Everything but the Girl, Marcus Miller, Kazumi Watanabe, Lee Ritenour, Bobby McFerrin og andre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sunday Night closing credits, episodes #104 (1988), #113 (1989)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]