Only Women Bleed

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Only Women Bleed
Singel av Alice Cooper
frå albumet Welcome to My Nightmare
B-side Cold Ethyl
Utgjeve 1975
Sjanger Rock
Lengd 5:49
Låtskrivar(ar) Alice Cooper, Dick Wagner
Produsent Bob Ezrin
Alice Cooper-kronologi
«Muscle of Love»
(1974)
Only Women Bleed «Department of Youth»
(1975)


«Only Women Bleed» er ein song skriven av Alice Cooper og Dick Wagner. Songen er ein ballade om ei kvinne i eit valdeleg ekteskap.

Singelen vart berre kalla «Only Women» og var ein av dei største hittane til Alice Cooper. Han gjekk mellom anna til topps i Canada[1] og til 12. plass i USA. Songen er gjeven ut på albumet Welcome to My Nightmare og var den første av fleire balladar Cooper gav ut som nådde Topp 20.

Singelen kom ut før Welcome to My Nightmare og var i USA ein kortare versjon av albumversjonen. Tittelen vart endra av Atlantic Records på grunn av protestar frå feministiske grupper.[2] Singelversjonen har meir orkester enn albumversjonen.

Guns N' Roses brukte å spele denne songen på konsertane snie som ein intro til «Knockin' on Heaven's Door».

Songen er på filmmusikken til Rob Zombie sin nye versjon av Halloween.

Andre innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt inn songen er

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 13. mai 2013. 
  2. Weber, Barry. «Only Women Bleed - Alice Cooper : Listen, Appearances, Song Review». AllMusic. Henta 13. mai 2013.