Oppdal kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 62°36′27.216″N 9°38′43.112″E

Oppdal kyrkje
Oppdal kyrkje
none  Foto: Kirkenorge.no
Foto: Kirkenorge.no
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nidaros
Prosti Gauldal
Sokn Oppdal
Fellesråd Oppdal
Type Krosskyrkje
Arkitekt Ole Jonsen Hindrum og Nils Olsen
Teknikk Lafteverk
Material Tre
Innvigd 12. mars 1651
 - Endringar M.a. 1674, 1684, 1884, 1951–53, 2008–14
Takryttar Over krysset
Klokker 2: 1690 (Gerit Schimmel) og 1767 (Arent Hedemark / Torsten Øen)
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol Jens Nielsen og Niels Nielsen, med evangelistbilete
Døypefont 1932
Altartavle Jens Nielsen, 1649 (bilete måla av Niels Nielsen, 1669)
Orgel Marcussen & Søn, 2011
Sitjeplassar 450
Diverse Fleire epitafi og portrettmåleri
Wikimedia Commons: Oppdal kyrkje
Altartavla i Oppdal kyrkje
Foto: Kirkenorge.no

Oppdal kyrkje er ei krosskyrkje i Vangslia, vest for Oppdal sentrum (Sør-Trøndelag).

Det stod ei stavkyrkje vigsla til den heilage Edmund på staden i mellomalderen. Dagens kyrkje vart oppført av byggmeistrane Ole Jonsen Hindrum og Nils Olsen og innvigd 12. mars 1651. Det er ei lafta krosskyrkje. Det har gjennom historia vore mange problem med takryttaren, som er for tung for konstruksjonen. Fundamentet vart forsterka i 1674, men det har ikkje vore nok.

Kyrkja har våpenhus på vestre og nordre krossarm og sakristi i aust samt gallerioppgang i hjørnet mellom nordre og austre. I vest er eit dåpsventerom i stavverk frå slutten av 1100-talet som skal ha vore ein del av Edmundskyrkja.

Kyrkja har hatt utvendig panel sidan 1684. I 1884 vart også innerveggane kledd med panel, og kyrkja vart pussa opp etter samtidas smak. Så vart ho restaurert på 1950-talet. I 2008–14 har kyrkja vorte omfattande restaurert etter å ha vore angripen av råte. Kyrkja er kvit i dag, men har skifta farge fleire gonger opp gjennom historia.

Prestegarden er like nord for kyrkja, og i nærområdet er eit av dei største gravfelta frå vikingtida.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]