Lønset kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 62°35′19.244″N 9°20′49.063″E

Lønset kyrkje
kyrkje
none  kirkenorge.no
kirkenorge.no
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nidaros
Prosti Gauldal
Sokn Lønset
Fellesråd Oppdal
Type Åttekanta
Arkitekt J. Rønningen
Teknikk tømra
Material tre
Innvigd 1863
Kyrkjegard ved kyrkja
Preikestol frå 1784
Døypefont frå 1774
Sitjeplassar 250
Wikimedia Commons: Lønset kirke

Lønset kyrkje, tidlegare Lønset kapell, er ei soknekyrkje i Oppdal kommune i Sør-Trøndelag. Ho ligg i Lønset sokn attmed Fv 511 ca 800 m nord for tettstaden Lønset ved Rv 70. Kyrkja er ei av 67 åttekanta kyrkjer i Noreg.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Kyrkja på Vindal[endre | endre wikiteksten]

Før Svartedauden (1349) var det fem kyrkjer i Oppdal. Det går fram av kva sokneprest Gjert Juel Feldtmanns skriv om Oppdal prestegjeld på 1700-talet: «Før Reformationen har her udi Opdal været 3 kirker og 2 capeller.» Desse kyrkjene var: Hovudkyrkja på Vang, kyrkja på Lo, kyrkja i Ålbu, eit kapell ved Stavåa på Fagerhaug og eit på Lønset. Om kapellet på Lønset skriv han: «Det andet capell i Winddalen, paa hiinside Winddals Elv, 3 Mile i vester fra Kirken [på Vang]. Steden vises, en liden rund plan - - -». Korleis kapellet såg ut eller kor lenge stod, veit vi ikkje men truleg var det ei lita stavkyrkje bygd på 11-1200-talet, etter at kristendommen vart innført. Mest heile bygda vart liggjande aude etter Svartedauden, kyrkja forfall og vart borte. I dag finst ikkje spor etter kapellet, men tradisjonen viser til tre stader som ligg så tett saman at lokaliseringa kan gjerast nokon lunde.[1]

Kyrkja etter Svartedauden[endre | endre wikiteksten]

Det gamle kapellet[endre | endre wikiteksten]

I fleire hundreår etter Svartedauden hadde Lønset anneks ikkje noko kapell men frå ca. 1700 vart det halde gudstenester på utvalte gardar i soknet. I 1770 vart det teke initiativ til bygging av kapell og i brev til biskopen heit det: ”- - - saa maa de som boe nede paa Skaugen formedelst den lange og besværlige Vei til Kirken, undertiden anvende 2 a 3 Dagers Reise, naar de i ondt Føre skulle søge kirken for at bringe deres Døde til Graven, ligesom de ei heller mere end 2de Gange om Aaret have Prædiken, hvilken endda maa forrettes i en Bondestue, hvor alene saadanne svage og gamle Folk, som ei kunne bringes til Kirken, vorde betjente med Sacramentet - - -”. Kapellet vart bygd i åra 1772–1774 og var plassert sørvest for den noverande kyrkja. Den siste gudstenesta i dette kapellet vart halde søndag 19. juli i 1863.

Det nye kapellet[endre | endre wikiteksten]

I 1858 vart det oppnemnd ein komité for planlegging av ei ny kyrkje. Det nye kapellet skulle erstatta den gamle krosskyrkja som hadde vorten for lita. To forslag vart framlagt: ei krosskyrkje teikna av John Ellingsen Storli og ei åttekanta kyrkje modellert av Sjur Jamtseter. Komitéen valde det åttekanta forslaget. Den noverande åttekanta tømmerbygningen vart bygd i 1863, innvia den 26. august same året og det gamle kapellet vart seld til riving. Ein del av innreiinga frå det gamle kapellet vart flytta over i det nye men ny altertavle vart laga av bygdekunstnarane Ole Moene og Sjur Jamtseter. Opphavleg hadde altertavla ein enkel kross som einaste dekorasjon, men krossen vart erstatta med eit målarstykke av Mikael Hoel i 1920. I 1960-åra fekk kapellet ei lenge tiltrengt oppussing. Før rehabiliteringa var kapellet kvitmåla men vart no måla raudt, inne vart veggene reinska for måling og behandla med terpentinsaus for å få jamn farge. Altertavla vart ført attende til sin opphavlege utsjånad og målarstykket plassert ein annan stad i kyrkja.

Tilhøyrigheit[endre | endre wikiteksten]

Kyrkja er ein del av Oppdal prestegjeld som høyrer til Gauldal prosti i Nidaros bispedømme.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Karen-Mari Uvsløkk og Liv Wammer Myren: Lønset kapell (Bøgda vår 1990 s. 21-24)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]