St. Mikaels kapell
| St. Mikaels kapell | |||
| kyrkje | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Trøndelag | ||
| Kommune | Oppdal | ||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
| Bispedøme | Nidaros | ||
| Prosti | Gauldal | ||
| Sokn | Oppdal | ||
| Fellesråd | Oppdal | ||
| Arkitekt | Yngvild Wathne Sæther (2012) | ||
| Teknikk | Bindingsverk | ||
| Material | Tre | ||
| Innvigd | 2012 | ||
| Kyrkjegard | Nei | ||
| Sitjeplassar | ca. 50 | ||
![]() St. Mikaels kyrkje 62°30′56″N 9°37′26″E / 62.5156°N 9.62383°E | |||
St. Mikaels kapell er ei kyrkje frå 2012 i Oppdal kommune i Trøndelag.
Bygninga vart prosjektert av arbeidsgruppa Turisme i Drivdalen,[1] resultatet av ein framtidsverkstad som vart arrangert vinteren 2010. Idéen om ein kyrkjebygnad knytt til til Pilegrimsleden over Dovrefjell, har samanheng med at det tidligare sto ei kyrkje kalla Loskyrkja i Drivdalen, på ein av gardane i Losgrenda.[2] Sokneprest Arne Aspeland har medverka i arbeidet med å forma kapellet innomhus.
Kapellet er reist på dugnad med økonomiske stønad frå nokre av dei lokale aktørane medteke Holtermanns legat rådd over av Oppdal fellesråd (legatet lagt ned i 2012). Det vart vigsla 29. september (Mikkelsmess) i 2012 med sokneprest Arne Aspeland, biskop Tor Singsaas, prost Øystein Flø og vikarprest Øyvind Vognild til stades. Aspeland fekk æra av å leie den første gudstenesta, som vart halde i samanheng med vigslinga.[3] Kyrkja er no ein del av det iverksetjande livet til kyrkjelydane i Oppdal. Kapellet fekk kyrkjeklokke sommaren 2013 og den vart brukt fyrste gong 19. juli same året.[4]
Det finst ikkje gravplass på staden.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «heimeside». Arkivert frå originalen 27. juli 2014. Henta 25. juli 2014.
- ↑ Bøgda vår 1999 s. 11-21: Jan Brendalsmo: Kirkene i Oppdal i middelalderen
- ↑ «Kapellet er vigslet». Arkivert frå originalen 2. november 2012. Henta 25. juli 2014.
- ↑ «Samlet til Tidebønn». Arkivert frå originalen 9. august 2014. Henta 25. juli 2014.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Oppdal kyrkjelege fellesråd Arkivert 2014-02-02 ved Wayback Machine.
- St. Miikaels kapell
